Foreininga - Tiltak og dokument

Bem-vind@ - Benvenuto - Bienvenido - Bienvenue - Velkommen - Welcome - Welkom - Willkommen

tele.gif (1780 bytes)telepdf.gif (179 bytes)telertf.gif (350 bytes)

Attacbouton.jpg (1599 bytes)

I fellesskap krever vi tilbake makten over vår verdens fremtid


Ei internasjonal rørsle for ein demokratisk kontroll over finansmarknadene og 
institusjonane deira.

For ei samling av motstanden mot nyliberalismen.


 

Den internasjonale rørsla ATTAC vart etablert under eit internasjonalt møte i Paris 11. og 12. desember 1998 etter invitasjon frå den franske ATTAC-foreininga (1). Eit titals land var representerte, frå Afrika, Latin-Amerika, Asia og Europa, i tillegg til ei rekkje nettverk og samarbeidsgrupper (2).  Det var den gongen snakk om eit første arbeidsmøte med klart avgrensa målsetjing: å sondere utsiktene til samarbeid og felles aksjonar i 1999 for å kunne presentere presise framlegg for alle dei interesserte partane.

Dette møtet gav høve til ein første kollektiv kontakt, som viste seg å vere svært positiv. Drøftingane mellom delegasjonane var fruktbare og gjorde det faktisk mogleg for oss å få presisert den generelle ramma for innsatsen vår og å definere enkelte konkrete framlegg. Delegasjonane som tok del i møtet i desember 1998, fekk så høve til å diskutere vidare i sine respektive heimland og å stadfeste sitt vidare engasjement i samarbeidsprosjektet. Det er dette prosjektet vi i dag vil presentere gjennom denne teksten som er sendt til alle organisasjonane, nettverka og individa som vi har kome i kontakt med etter skipinga av foreininga vår.

 

I. Tre målsetjingar.

Samlinga i desember 1998 gav høve til ei nærmare fastsetjing av tre hovudmålsetjingar:

1 - Lanseringa av den internasjonale ATTAC-rørsla: "Internasjonal rørsle for ein demokratisk kontroll over finansmarknadene og institusjonane deira".

Den politiske plattforma til denne internasjonale rørsla vart diskutert og forbetra under det første møtet, og ei arbeidsgruppe fullførde arbeidet i desember 1998. Lat oss med ein gong understreke at denne plattforma kan underskrivast både av organisasjonar som vedtek å knyte seg direkte til prosjektet, og av dei som ynskjer eit samarbeid utan å vere formelt tilslutta.

2 - Utvidinga av den politikken som alt er i gang for å samle kreftene til dei ulike nettverka som, kvar på sitt område, slåss mot den nyliberalistiske politikken og konsekvensane av den.

Alle initiativ er derfor tenkte å styrkje banda mellom desse nettverka og å forsterke ei samlande utvikling - med snøballeffekt - i eit langsiktig perspektiv. Dette var tilfelle i slutten av januar 1999 under "Autre Davos" (Eit anna Davos), eit initiativ organisert av fleire nettverk. Denne utviklinga bør ha blitt forsterka under den internasjonale konferansen som vart halden i Paris 24. -26. juni 1999, der vi spelte ei aktiv rolle.

3 - Behovet for å få til - noko alle er opptekne av - ein debatt som engasjerer og involverer så mange som mogleg, og ei meir effektiv formidling av informasjon.

Det handlar like mykje om å utvikle vår eiga forståing for ein internasjonal situasjon i rask utvikling som å få presisert alternativa og å informere, for slik å gi dei sosiale rørslene reiskapar både til analyse og praktisk handling.

 

II. Den internasjonale rørsla.

Samlinga i desember 1998 merkte seg den dynamiske utviklinga som skjer internasjonalt. I fleire land (3) er organisasjonar som liknar på ATTAC Frankrike i ferd med å bli stifta, kvar med sine nasjonale særdrag. Elles utviklar det seg eit regulært samarbeid med andre rørsler som arbeider mot den nyliberalistiske politikken og dei konsekvensane denne har for samfunn og miljø.

Opprettinga av "Den internasjonale rørsla for ein demokratisk kontroll over finansmarknadene og institusjonane deira" kjem som eit svar på denne dynamiske utviklinga. Med den nemnde politiske plattforma som referanse vil rørsla byggje seg opp som eit nettverk utan "hierarkiske" strukturar eller geografiske "sentra". Rørsla vil vere pluralistisk og finne styrke i mangfaldet som dei deltakande gruppene og medlemene utgjer. Det vil bli lagt vekt på å få til felles aksjonar, utan at handlingsfridomen til kvar einskild dermed på nokon måte blir avgrensa. Rørsla har som mål å forsterke, knyte saman og samordne internasjonalt den politiske aktiviteten til partnarane som kjenner seg igjen i ATTAC-plattforma. På same måten ynskjer ein å forsterke samarbeidet med alle andre nettverk som har liknande politiske mål for sitt arbeid.

Den internasjonale rørsla vår burde kunne knyte saman svært mange og varierte partnarar i mange land og verdsdelar: samarbeidsgrupper og koalisjonar, fagforeiningar, solidaritetskomitear, foreiningar og frivillige organisasjonar (NGO-ar), nettverk av organisasjonar og einskildpersonar, presseorgan og forskingsinstitutt m.m. Ei slik oppgåve kan ikkje løysast av eit sentralt sekretariat (det krev for store økonomiske ressursar og er også i strid med dei demokratiske ambisjonane våre) med tradisjonelle kommunikasjonsmetodar (som tek for lang tid og er for dyre).

 

På grunn av dette må vi ty til dei løysingane som elektronisk post og Internett opnar for. Vi veit at ein del av våre partnarar ikkje er direkte knytta til nettet. Vi vil derfor så langt råd er sende post på tradisjonelt vis til desse, men slik situasjonen er no, vil dette ikkje kunne bli like jamleg. I kvart land må derfor dei av partnarane våre som er knytte til Internett, prøve å spreie informasjonen til dei utan tilgang til denne informasjonskanalen.

 

III. Samarbeid mellom ulike nettverk.

Spørsmålet om skattlegging av kapitalen og om demokratisk kontroll med finansmarknadene har kome opp med fornya styrke etter den openlyse krisa i juli 1997. Det som likevel kom tydeleg fram under samlinga i desember då hendingane vart oppsummerte og stoda beskriven, var at motstanden i dei ulike landa mot den nyliberalistiske politikken konsentrerer seg om ulike mål og prioriteringar, som ikkje alltid er dei same, f.eks. IMFs strukturtilpassingsprogram, den tyngjande offentlege eller private gjelda, opprettinga av internasjonale avtalar av typen NAFTA eller MAI, WTO, den ubalanserte handelen mellom Nord og Sør osv.

Den internasjonale rørsla ATTAC har ikkje som mål å kome i staden for denne varierte verksemda. Vi ynskjer å samarbeide med dei eksisterande nettverka for å fremje ei samordning av dei folkelege og demokratiske mobiliseringane. For det er takka vere ei slik samordning av innsatsen at vi kan stå fram som ei viktig motstandskraft med reelle alternativ til den nyliberalistiske globaliseringa og på den måten endre kursen på den utviklinga vi no ser. Konferansen 24. -26. juni trur vi var eit viktig steg i den retninga.

 

IV. Kollektiv refleksjon og aktiv informasjon.

Ein informasjon som når vidare ut og meir kollektiv innsats. Dette doble kravet vart sterkt uttrykt under samlinga i desember 1998.  For vi må avgjort forbetre oss både når det gjeld sjølve analysen (f.eks. når det gjeld utviklinga i det internasjonale finanssystemet) og når det gjeld utmeislinga av alternativa. Vi må også medverke til å informere opinionen betre og gi betre analyseverktøy og handlingsreiskapar til dei sosiale rørslene. Under samlinga vart ein heil serie ulike tema tekne opp, som alle fortener utdjuping i tida som kjem. Og vi vil kome attende til dei seinare.

Informasjon og utviklingsarbeid. ATTAC Frankrike er særskilt interessert i desse områda, ettersom presseorgan var med på skipinga og foreininga har sett saman eit fagråd. For det gjeld også å sikra seg ein sterk motekspertise for å møte den dominerande argumentasjonen.

I dette perspektivet blir det knytt kontaktar i ulike land med publikasjonar, fagfolk på universiteta eller institutt utanfor universiteta, som alle vil stille forsking og kunnskapar  til rådvelde for dei sosiale rørslene. Det internasjonale nettverket som vi etablerer bør, saman med bruken av Internett, lette dette arbeidet.

Vi vil seinare kome attende til dei ulike tema som kom fram under samlinga i desember 1998.

Samlinga i desember 1998 opna nye perspektiv. Framtida til "Den internasjonale rørsla for ein demokratisk kontroll over finansmarknadene og institusjonane deira" vil frå no av vere avhengig av kvar og ein av oss.

 

Den internasjonale gruppa i ATTAC (Frankrike).

 

1.   Association pour une Taxation des Transactions Financières d'Aide aux Citoyens. ATTAC vart skipa i juni 1998 av ulike presseorgan, fagforeiningar, lag og einskildpersonar. Foreininga tel også, nokre få månader etter skipinga, rundt 6000 individuelle medlemer. Dei fleste av dykk kjenner til oss frå før, men vi sender gjerne diverse dokument - også tilgjengelege på internettsida vår:  <http://attac.org>.

2.   Følgjande land og organisasjonar var representerte på samlinga 11-12 desember 1998: Brasil, Mexico, Sør-Korea, Filippinane, Senegal, Belgia, Italia, Sveits, Finland, Frankrike; Action mondiale des peuples, Coordination contre l'AMI, Forum pour les alternatives og nettverket Saprin. På grunn av kommunikasjonsproblem og andre praktiske hindringar kunne ikkje representantane frå Malaysia, Marokko, Russland og ein av dei filippinske representantane møte som planlagt.

3.   Dette gjeld først og fremst i Belgia, Brasil, Canada og Quebec, Sør-Korea, Spania, Italia og Sveits.

Til dette dokumentet høyrer det to vedlegg:

            - Den elektroniske postadressa : <transattac@attac.org>

            - Fagrådet i ATTAC:<cs@attac.org>

 

VEDLEGG 1: <transattac@attac.org>

Ei særskild e-postadresse er laga for den globale kommunikasjonen til den internasjonale rørsla vår: <transattac@attac.org>.

Denne adressa skal gjere oss i stand til effektivt å arbeide saman. Ho er derfor ikkje open for alle. Berre partnarane i rørsla, retteleg innskrivne på lista, kan sende og motta meldingar via <transattac@attac.org>. Alle meldingane som kjem inn på denne adressa, blir straks distribuerte til partnarane som står på lista. Dette gir ein svært rask og økonomisk kommunikasjon for meldingar som skal distribuerast til alle. Dette sikrar også alle på lista eit godt demokratisk innsyn.

Vi vil også opplyse om e-postadressene til ATTACs partnarar, noko som vil lette dei "horisontale" utvekslingane, mellom to eller fleire partnarar, av meldingar som ikkje gjeld alle.

For at denne kommunikasjonsforma skal fungera best mogleg, vil det vere bra om ei enkelt e-postadresse tener som kollektivt knutepunkt i kvart land (eller i kvart internasjonale nettverk knytt til ATTAC).

I Frankrike for eksempel, vil ATTAC si internasjonale arbeidsgruppe ha <inter@attac.org> som kollektiv adresse. Meldingar frå alle kantar kan sendast dit (det er ikkje nødvendig å stå på ei liste for å kunne sende), og dei blir automatisk distribuerte til alle medlemene i arbeidsgruppa (i alle fall dei som har e-post) og til ATTACs sekretariat (dvs til foreininga sitt kontor). I tillegg til å vere effektivt har dette systemet den demokratiske fordelen at informasjonen går direkte til alle aktuelle personar.

I tillegg vil kvar medlem i den internasjonale arbeidsgruppa, innanfor ramma av sine spesielle ansvarsområde (f.eks. kontakt med visse land), bruke si eiga elektroniske adresse når det gjeld utvekslingar som berre gjeld dei partnarane vedkommande har direkte kontakt med.

Elles er ei mengd informasjons- og kommunikasjonskanalar etablerte av ATTAC Frankrike. Visse elektroniske adresser gir høve til ei svært open utveksling. Dei skil seg dermed frå <transattac@attac.org>, som er reservert for den "interne" kommunikasjonen vår for å sikre effektiviteten i arbeidet vårt. Internettsider med dokumentasjon på ulike språk er på plass, og det er lagt ut lenkjer til ulike nasjonale internettsider som høyrer til medlemer av den internasjonale rørsla ATTAC. Det vil kome meir informasjon om dette seinare.

 

VEDLEGG 2: Fagrådet i ATTAC.

cs@attac.org

 

Fagrådet har som føremål å produsere informasjon om forhold som gjeld finansverda og å formidle denne informasjonen for å fremje og gjennomføre tiltak av alle slag som kan bidra til at folk vinn tilbake makta som finanskapitalen øver over det politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle livet i heile verda.

Fagrådet er eit verkeleg forråd av fagfolk som kan stille opp ved folkemøte, offentlege debattar og andre tilskipingar. Tematiske tekstsamlingar kan bli bygde opp i tilknyting til bestemde tiltak. Slike tekstsamlingar vil kunne bli omfattande og fungere som ein solid dokumentasjonsbase.

Studiane som går i djupna og er meir langsiktige, har som føremål å klargjere standpunkt og å bidra til å styrkje sambandet mellom organisasjonane som har slutta seg til den internasjonale ATTAC-plattforma. Det dreiar seg om eit organisert og varig samarbeid og ei internasjonal samordning av tiltak.

Arbeidsgruppene i fagrådet er etablerte. Dei har byrja arbeidet sitt frå eit intellektuelt utgangspunkt, og frå dette skal dei gå vidare og arbeida ”i felten” ved å komme med konkrete framlegg som kan presenterast som lovforslag i parlamentet. Synergien i arbeidsgruppene vil komme frå evna deira til å foreine kreftene sine for å nå lenger enn kvar medlem kan greie åleine. Dei lokale ATTAC-gruppene er direkte involverte i verksemda til arbeidsgruppene.

Så langt er følgjande grupper etablerte:

- Avgifter i valutamarknadene

- Kvitvasking av pengar, skatteparadis

- Pensjonsfond

- Private interessers kontroll over genressursane og bioteknologiane

Denne lista er ikkje fullstendig, og andre grupper er i ferd med å bli danna.

 

 

 

Plattform for den internasjonale bevegelsen ATTAC

Odd Tarberg & Vidar Rekve