Forslag. Finanskrise

Bem-vind@ - Benvenuto - Bienvenido - Bienvenue - Velkommen - Welcome - Welkom - Willkommen

Internasjonalt seminar - Paris, 25. januar 1999

Tobin-avgifta, ja visst! - Kvifor ei Tobin-avgift? - Referat frå seminaret 25. januar 1999

Vidar Rekve

Attacbouton.jpg (1599 bytes)

Tobin-avgifta, ja visst! (debatt)
Referat frå debattmøte med ATTAC-medlemmer frå Paris.


På invitasjon frå ATTAC blei det 25. januar 1999 skipa til eit internasjonalt seminar i Maison de l'Amérique latine i Paris med deltaking av økonomar, fagforeiningsfolk og bank- og finansfolk. Seminaret hadde som føremål å undersøkja moglegheitene for ei innføring av Tobin-avgifta. Seminaret, som var planlagt av ei arbeidsgruppe i fagrådet i ATTAC, gav høve til drøfting av synspunkt og analysar med økonomar og spesialistar frå andre europeiske land og frå Canada og USA. Ei slutterklæring blei vedteken, og denne vil bli spreidd til eit stort publikum. Eit ope møte om kvelden 25. januar gjorde det mogleg for om lag 300 ATTAC-medlemmer frå Paris å bli kjende med resultata frå seminaret og å spørja ut somme av deltakarane. Dei som svarte på spørsmåla, var Bernard Cassen, leiar for ATTAC, René Passet, leiar for fagrådet i ATTAC, Dominique Plihon, medlem av fagrådet i ATTAC, og dessutan dei fire nordamerikanarane som var innbydde til seminaret: David Félix, Alex Michalos, Howard M. Wachtel og Ibrahim Warde. Vi gir her att nokre av dei viktigaste spørsmåla og svara som kom fram under dette møtet med ATTAC-medlemmene


Spørsmål

Kvifor har seminaret vore avgrensa til Tobin-avgifta, slik at andre former for skattlegging av finanstransaksjonar blei haldne utanfor debatten?

Bernard Cassen

Det hadde vore nødvendig med eit langt meir omfattande seminar dersom ein skulle ta for seg alle former for skattlegging av kapital og finanstransaksjonar, der Tobin-avgifta berre er éi av formene. For tida blir denne avgifta, som skal ramma valutaspekulasjon, diskutert offentleg, og dette er i stor grad ATTACs forteneste. Det blei difor politisk viktig å sjå nærare på vilkåra for ei vellykka innføring av denne avgifta når ho no har fått ein slik posisjon i media og som symbol. ATTAC vil ved seinare høve ta for seg dei andre formene for skattlegging. Howard M. Wachtel har allereie peika på nokre av moglegheitene på området i ein artikkel som stod i Le Monde diplomatique i oktober 1998.


Spørsmål

Kven skal driva inn midlane frå Tobin-avgifta? Kven skal omfordela dei, og kven skal nyta godt av dei?

Bernard Cassen

Spørsmålet om bruken av midlane frå Tobin-avgifta er ganske presist formulert. I Tobins ånd og for ATTAC er det viktigaste målet i røynda å hindra dei flyktige og ukontrollerte kapitalrørslene som har hatt slike katastrofale følgjer for Aust-Asia, Russland og Brasil. Men dette målet gjer ikkje at vi misser av syne dei andre positive verknadene som denne avgifta vil ha dersom utbytet er svært høgt. Beløpet vil variera alt etter talet på avgiftspliktige transaksjonar og kor høgt avgifta blir sett, og dette er pengar som vil kunna nyttast til sosiale, økologiske og kulturelle føremål. Vi har vore innom fleire typar omfordeling. Til dømes opererer SNs utviklingsfond UNDP i sin siste rapport om den globale levekårsutviklinga med eit beløp på 40 milliardar dollar i året som tilstrekkeleg for å utrydda fattigdommen, gi alle tilgang til reint drikkevatn, gode hygieniske forhold osb. Somme har føreslått at inntektene frå avgifta i Europa i det minste delvis kan nyttast i EUs strukturfond, særskilt med tanke på utvidinga austover, dessutan for dei 71 landa i Afrika, Karibia og Stillehavsområdet som EU-landa har eit særskilt samband med i kraft av Loméavtalen. Når det gjeld administrative organ, er to organisasjonar utelukka i utgangspunktet, nemleg Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken. Moglegheitene er likevel mange, til dømes eitt eller fleire internasjonale byrå som er demokratisk styrte og med deltaking frå fagorganisasjonar, ideelle organisasjonar osb. Det spørsmålet åleine krev grundige diskusjonar, og det ville ha vore ønskjeleg at ATTAC utarbeider forslag som blir lagde fram for dei mange samarbeidspartnarane verda over. Tida vi hadde til rådvelde under seminaret, gjorde det ganske enkelt ikkje mogleg for oss å gå særleg mykje inn på dette spørsmålet.


Spørsmål

Kvifor ikkje innføra valutakontroll som er avgrensa til Frankrike, slik Malaysia har gjort for sin del?

Ibrahim Warde

I Malaysia bestemde regjeringa seg for i det minste på kort sikt å hindra kortsiktig kapital i å bli plassert i landet i nokre dagar for så å bli trekt ut att. Lova krev at plasseringane skal haldast tilbake i eitt år. Det er viktig å samanlikna Tobin-avgifta med andre, meir generelle tiltak, som valutakontroll, for å forstå fordelane ved avgifta betre. Eitt av "salsargumenta" er avgifta sin internasjonale karakter: Dersom ein ikkje iverkset eit tiltak av dette slaget i det internasjonale monetære systemet, vil regjeringar freista å verna seg gjennom nasjonale tiltak, slik som til dømes i Malaysia og Chile. Tobin-avgifta ville gjera at dei ikkje lenger ville stå åleine. Dessutan er denne avgifta "realistisk" fordi ho ikkje sperrar for kapitalrørsler og dermed vil vera lettare å godta for bankfolk, regjeringar osb.

Bernard Cassen

Med Tobin-avgifta vil finanskapitalen kunna røra seg fritt, plasseringane vil kunna skje som før, det er berre tale om å bremsa aktiviteten. Med valutakontroll er det krav om lisensar for innførsle og utførsle av kapital. Valutakontroll er forbode i EU ifølgje Einskapsakta og Maastrichttraktaten. For å forandra dette krevst det endringar i desse, som eg personleg gjerne ser, men vi må ikkje undervurdera dei enorme vanskane med å oppnå dette. Slike endringar krev faktisk samrøystes oppslutning frå medlemsstatane.


Spørsmål

Du sa at det viktigaste målet er å stabilisera det internasjonale finanssystemet. Men eg melde meg inn i ATTAC for å tala om omfordeling av inntekter og kamp mot forskjellane. Dette kan ikkje vera eit sekundært mål, for då kjem de til å fjerna motivasjonen vår.

Bernard Cassen

Du stiller eit verkeleg grunnleggjande spørsmål som eg vil prøva å svara på. Det særskilde ved ATTAC, som skriv seg frå originaliteten i organisasjonsskipnaden - ei samanslutning av enkeltpersonar og ideelle organisasjonar, fagforeiningar, kollektiv, politisk-administrative einingar og publikasjonar - det er at organisasjonen spelar på to register. Det eine registeret er dei tradisjonelle aktivistiske miljøa, meir nødvendige enn nokon gong før, som fordømmer herjingane av alle slag under herredømmet til finanskapitalen. Det andre registeret er framlegga til tiltak, presise og underbygde av argumentasjon, for å få losna det diktatoriske grepet til marknadene. Desse framlegga må følgja av arbeidet til ein "ekspertise", eller snarare ein motekspertise, som ein må lykkast i å stilla opp mot forsvararane av systemet, i Bercy [det franske finansministeriet, omsetjars merknad] som i Davos [World Economic Forum, omsetjars merknad]. Føremålet er ikkje berre å angripa det liberalistiske tankegodset ved å visa kor kortsynte og hyklerske systemforsvararane er, vi skal òg ut i offentlegheita med konkrete argument som viser at det finst alternativ, at ei anna verd er mogleg. Forsking og utarbeiding av framlegg tek lengre tid enn dei aktivistiske tiltaka, og vi må godta at det vil finnast eit gap her. Uansett er begge dei to arbeidsmåtane heilt nødvendige.

Ibrahim Warde

Dei av oss som skulle sitja med eit inntrykk av at Tobin-avgifta ikkje er eit tilstrekkeleg ambisiøst tiltak, må få vita at mektige interesser ønskjer å ta livet av debatten om avgifta. Eg blei beden om å skriva den første artikkelen i Le Monde diplomatique om Tobin-avgifta fordi personen som skulle ha skrive han, ein person som stod for ein svært viktig studie på oppdrag frå Dei sameinte nasjonane, ringde til redaktøren av Le Monde diplomatique og sa: "Mine overordna har bede meg om å ikkje uttala meg om dette." Det finst ein svært streng sensur på området. Før eg reiste frå USA, undersøkte eg litt for å verifisera kor mange gonger orda "Tobin tax" har dukka opp i amerikansk presse i nyare tid. Eg fann berre 7-8 tilfelle blant fleire millionar artiklar. James Tobin sa jamvel i ein telefonsamtale med Bernard Cassen at det finst fleire ATTAC-medlemmer enn amerikanarar som kjenner namnet hans!

René Passet

Dette spørsmålet fører oss tilbake til dei "underliggjande verdiane" som bestemmer ATTACs arbeid. For meg er det tale om følgjande: Kva plass har menneska i høve til finanskapitalen i økonomien i vår tid? Kvar er målet, og kvar er middelet? Heilt til no har eg trudd at eg har visst det. Eg har alltid blitt forklart at økonomien var ei verksemd som omformar verda for å tilfredsstilla menneskelege behov. Økonomien står på beina når føremålet er å tilfredsstilla menneskelege behov, og han står på hovudet når det motsette er tilfellet. Det er det som har skjedd sidan 1980-åra, etter at Thatcher og Reagan opna Pandoras øskje og sleppte laus demonane i dei frigjorde kapitalrørslene. Vi har sett korleis finanssektoren stadig er blitt meir autonom og oppblåsen, at finanskapitalen ikkje lenger er ei forlenging av den realøkonomiske verksemda. Målet for alt dette er ikkje velferd for menneska, produktivitet og vekst. Målet er å få finansformuane til å yngla. Slik blir produktiviteten omforma til ei vill jakt etter stadig høgare produktivitetsresultat, og dette perverterer økonomien. No når folk er komne nærare kvarandre gjennom dei moderne kommunikasjonsmidla, vidar kløfta mellom dei rikaste og alle dei andre seg stadig meir ut. Verda er dominert av ei jakt etter profitt, akkumulasjon, etter noko som er utan ei djupare meining. Finanskapitalen er ikkje noko som gir meining til livet, for verktøyet kan ikkje gi meining. Vi lever i eit samfunn der menneska har tapt meininga av syne fordi ein ikkje lenger viser dei noko dei kan leva i pakt med. Det er finansverda som openberrt står fram for oss som kjerna i problema vi ser i dag, og det er der vi må setja inn åtaka. Men om vi ikkje formulerer presise svar, så har ikkje lenger orda våre noka vekt. Vi må berre innsjå at vi alle blir dregne mellom ønsket om å venda tilbake til kjeldene og ønsket om å gi tekniske svar på tekniske spørsmål. Stundom står vi i fare for å hamna i grøfta, men ATTAC-medlemmene er der for å alltid minna oss på kva dei "underliggjande verdiane" eigentleg består i. Eg har prøvd å gi eit riss av dei.

tele.jpg (2039 bytes)

Attacbouton.jpg (1599 bytes)