Tid for strategi
Etter hendingane under EU-toppmøtet i Göteborg og G8-møtet i
Genova i sommar er det klart for strategiske diskusjonar i Attac-rørsla
og andre miljø som arbeider mot den liberalistiske globaliseringa.
Attac-foreiningane i Sverige og Italia opplevde det heile på nært
hald, men overalt i rørsla har det vore fråsegner og ordskifte om det
som skjedde. Nedanfor finn du enkelte smakebitar frå diskusjonane.
I sommar evaluerte Attac Sverige deltakinga i Göteborg-demonstrasjonane
og tilknytte forhold. Ein omtale av evalueringa er gitt i foreininga
sitt nyheitsbrev
7/2001.
Raffaele Laudani i Attac Italia meiner at Genova var eit vegskilje
for den antiliberalistiske rørsla. Barndommen til rørsla, med innslag
av naivitet og mangel på fordommar, har teke slutt. Dei mange
entusiastiske menneska som strøymde ut i gatene i den italienske
hamnebyen for første gong, oppdaga brått og fortvila kor massiv
motstand og store utfordringar dei måtte hanskast med. Laudani meiner
at dei vala som rørsla tek dei næraste månadene, blir avgjerande. Den
nye "forteljinga om verda" må skapast, kampen mot det
kulturelle hegemoniet til nyliberalismen er det viktigaste, og
symbolkrafta frå Seattle og Porto Alegre må førast vidare for å
skapa felles meining og retning.
Også i nabolanda i Europa har hendingane i sommar gjort eit sterkt
inntrykk. Attac Noreg kom i august med ei fråsegn
etter toppmøta i sommar.
Pierre Khalfa i Attac Frankrike peikar på at motstandarane av den
liberalistiske globaliseringa på same tid må oppfylla fire ulike målsetjingar.
For det første er det avgjerande å halda oppe og styrkja posisjonen
motstanden har i den folkelege opinionen I tillegg må ein unngå at rørsla
slår sprekkar. For det tredje må ein vera i stand til å handtera den
aukande radikalismen. Til sist må ein alltid kunna visa styrken i
motstanden ved å organisera vellykka massive demonstrasjonar. Khalfa
peikar til sist på at ei internasjonal demonstrasjons-"pakt"
kan vera ei løysing for å halda rørsla saman i store, fredelege og
effektive demonstrasjonar. Ei slik pakt kan mellom anna innehalda enkle
retningslinjer som isolerer valdelege element frå det overveldande
fleirtalet av demonstrantar.
_____
Globaliseringskonferansen i Oslo
Analyse, forståing, ordskifte, danning av meiningsfellesskap og
utforming av strategiar er grunnlaget for all mobilisering for ei anna
og betre verd. Difor står Attac Noreg, aksjonen For velferdsstaten,
Nettverk mot markedsmakt, Forum for kvinner og utviklingsspørsmål,
Forum for utvikling og miljø og Forum for systemdebatt bak tilskipinga
"En annen verden er mulig - demokratisk styring, ikke
konsernmakt" i Folkets Hus i Oslo 11.-13. oktober.
Konferanseprogram og praktiske opplysningar finn du på nettstaden
til Attac Noreg. Det er enno plass til både deg og venene dine, men
hugs påmeldingsfristen: 5. oktober!
Konferansen, ein norsk avleggjar av Det sosiale verdsforumet i Porto
Alegre, skal mellom anna vera ein impulsgjevar og antiliberalistisk
ladestasjon for enkeltmenneske og organisasjonar som vil endra
globaliseringa til fordel for eit reelt økonomisk demokrati for
befolkningane i verda og for avskaffing av fattigdommen. Eit vidt
spekter av fagfolk, debattantar og
seminar og tre ulike plenumssamlingar skaper møtestader for Nord-Sør-interesserte,
fagforeinings- og miljøaktivistar, mediefolk, byråkratar, politikarar
og alle andre som søkjer kunnskap om globaliseringa frå ulike kjelder.
Dei tre dagane blir det plass til tre stormøte, 38 seminar, ulike
kulturytringar, sosialt samvær og spennande møte med internasjonalt
profilerte kritikarar av marknadsideologien og den konsern- og
"Nord"-styrte globaliseringa: Naomi Klein frå Canada
("No Logo"), Mary Lou Malig frå Filippinane (Focus on the
Global South), Lal Das frå India (South Centre), Dot Keet frå Sør-Afrika
(Alternative Information and Development Centre), representantar frå rørsla
av dei jordlause i Brasil, Hans Abrahamsson frå styret i Attac Sverige,
og mange andre.
"ATTAC-informasjonen" er på plass i Folkets Hus 11.-13.
oktober. Er du?
_____
Attac i Norden og Tyskland
Organisasjonsbygginga i Attac-rørsla held fram i Norden. Stiftinga
av Attac Danmark blei i vår bestemt til å skje tidleg i oktober, men i
skrivande stund har eg ikkje tilgang til offisielt nytt om og frå Attac
Danmark. Foreininga blir her og no oppmoda om å senda nyheitsbrev, fråsegner
og anna til "ATTAC-informasjonen". Det er plass til våre
danske vener her!
Den same oppmodinga om å tipsa "ATTAC-informasjonen" om
aktuelle saker går til Attac Finland, som kan senda stoff frå Finland
på svensk eller engelsk. Den finske foreininga legg elles ut viktig
nytt på engelsk på nettstaden sin. Der les vi at foreininga i sommar
blei invitert av regjeringa til å ta del i rådslag om EUs framtid.
Vidare refererer Attac Finland interessante meiningsmålingar om
Tobin-avgifta. Dei viser at 70 % av finnane støttar ei valutaavgift, og
at berre ein femdel av representantane i den finske Riksdagen går klart
imot ei slik avgift.
Stadig nye lokallag dukkar opp i Attac Noreg, som i august hadde
kring 3000 medlemmer. Organisasjonsbygginga står sentralt, men
foreininga bruker òg energi på å organisera den store
globaliseringskonferansen 11-13. oktober i Oslo. Dit kjem sikkert òg
medlemmer frå dei andre nordiske Attac-foreiningane. Følg med på
attac.no!
Attac Sverige, som tidleg i sommar hadde 5000 medlemmer i ryggen,
satsar vidare på mellom anna studiesirklar og samlingar. Som tidlegare
meldt har den svenske foreininga lagt om og bygd ut nettstaden sin.
Arkivet er no forbetra og lettare å finna fram i, synest eg, og det er
stadig interessante notisar og artiklar å lesa på attac.nu.
Vi dreg sørover: Attac Tyskland held ein stor internasjonal
konferanse i Berlin 19.-21. oktober, altså berre ei veke etter
globaliseringskonferansen i Oslo. Meir enn 1000 deltakarar er venta til
konferansen, der samlingspunktet er parolen som går over heile verda,
"Ei anna verd er mogleg". Blant viktige tema på konferansen
er "realitetar og mytar i den globaliserte økonomien" og førebuing
av tyske bidrag til Det sosiale verdsforumet (WSF) i Porto Alegre i
2002. Blant gjestene finn vi WSF-koordinatoren Antonio Martins frå
Attac Brasil, den sveitsiske journalisten Jean Ziegler og Attac
Frankrikes Susan George. I eit ordskifte om "nasjonalstaten si makt
og avmakt" deltek dessutan Oskar Lafontaine, tidlegare tysk
finansminister.
_____
Tobin-avgifta: belgiske dagar, fransk visitt
Belgiske dagar: I helga 21.-23. september, og samstundes med at meir
enn 50 markeringar fann stad i Frankrike, arrangerte Attac Belgia saman
med mellom anna belgiske fagforeiningar ei stor samling og
demonstrasjonar til støtte for innføring av valutaavgift. "Den
europeiske borgarkongressen" i Liège samla 1000 delegatar frå 180
organisasjonar i 30 land. Fredag 21. september gjekk eit fargerikt tog på
kring 10.000 menneske gjennom gatene i Liège. Dokument, opplysningar og
foto frå helga finn du på Attacs Liège-sider.
Bakgrunnen for dei belgiske dagane er for det første at Belgia har
formannskapen i EU dette halvåret. For det andre var regjeringa pålagd
(av fleirtalet i den belgiske nasjonalforsamlinga og i Senatet) å setja
spørsmålet om ein studie av Tobin-avgifta på EUs dagsorden i
formannskapsperioden. Resultatet var at EUs Ecofin-møte, dvs Rådet av
EUs finansministrar, blei sett til å behandla saka på møtet i Liège.
Attac og andre organisasjonar følgde med på ferda, som vi har sett.
Resultatet av Ecofin-møtet? Det kjem eg til, men litt meir
bakgrunnsstoff først.
Fransk visitt: Den franske finansministeren, Laurent Fabius, innkalla
til eit møte med leiinga i Attac Frankrike om morgonen 13. september.
Visitten gav Fabius høve til å erklæra overfor Attac at den franske
regjeringa på EUs Ecofin-møte 22.-23. september ville gi si støtte
til det belgiske framlegget om at EU skal gjennomføra ein studie av
utvegar til å innføra avgifter på spekulative finanstransaksjonar.
Delegasjonen frå Attac Frankrike registrerte med interesse denne nye
holdninga frå Fabius og regjeringa. Samstundes understreka Attac at
mandatet for ein slik studie måtte omfatta opprettinga av ei
"Tobin-sone" i EU, og at Kommisjonen måtte gjennomføra
studien på ein måte som sikra openheit, innsyn og eit vidt tilfang av
ulike faglege syn på ei valutaavgift. Finansministeren sa seg samd i
dette.
Attac avviste vidare å overlata spørsmålet om ei valutaavgift til
Det internasjonale pengefondet (IMF), som er kjent for si fiendtlege
innstilling til denne typen reguleringar. Først etter at Tobin-avgifta
var innført i EU, kunne det komma på tale for Frankrike å reisa spørsmålet
innanfor IMF. Eit resonnement som Fabius omtala som "rimeleg".
Så til resultatet. Kva sa og gjorde monsieur Fabius og dei andre på
Ecofin-møtet 22.-23. september? Ifølgje Luxembourgs statsminister
Juncker var det INGEN av EUs finansministrar som støtta tanken om ei
valutaavgift. Dei første pressemeldingane frå møtet tyder på at
finansministrane gav det økonomiske og sosiale rådet i oppdrag å
utforma eit framlegg til mandat for ein studie av Tobin-avgifta. Dette
kan knapt kallast ei realitetsbehandling. Meir enn noko anna liknar det
ein unnamanøver.
Likevel: Vi ser at den folkelege støtta til ei valutaavgift i
EU-landa er så pass merkbar for politikarane at det var vanskeleg for
dei å gravleggja avgiftsspørsmålet fullstendig. Og om
finansministrane skulle ha gløymt kvifor den belgiske EU-formannskapen
hadde sett Tobin-avgifta på dagsordenen, så gjekk 10.000 fredelege
demonstrantar gjennom gatene i Liège for å minna dei om kvifor. Foto
frå demonstrasjonstoget kan du sjå på dei tidlegare nemnde Liège-sidene.
_____
Kvitvasking av terrorist-pengar
Etter terroråtaket mot bygningar i New York og Washington 11.
september er det på sin plass å minna om korleis kvitvaskinga av
pengar frå illegal verksemd går føre seg. Mykje av desse pengane kjem
frå og vender "reinvaska" tilbake til store aktørar innanfor
organisert kriminalitet, her òg terroristar. Og vaskemaskinene? Ikkje så
reint sjeldan surrar og går dei i skatteparadisa, godt verna av
bankhemmeleghald, manglande nasjonalt lovverk, uvilje mot rettsleg
samarbeid over landegrensene og ein allmenn tendens til å sjå ein
annan veg.
I ein OECD(GAFI)-rapport som blei publisert 1. februar 2001, blei det
gitt ei oversikt med fleire illustrerande døme over korleis terroristar
løyner eller omplasserer midlar som skal finansiera verksemda deira.
Dei "skitne" pengane kjem hovudsakleg frå desse kjeldene:
handel med narkotika, utpressing og bortføringar, tjuveri, svindel,
hasardspel, smugling, handel med forfalskningar og annan ulovleg handel.
Med andre ord er kjeldene om lag dei same som dei som blir nytta i
annan organisert kriminalitet. Også kvitvaskinga går føre seg etter
det same mønsteret: Pengane blir plasserte i ulike bankar i regionen
der terroristgruppa held til, deretter blir verdipapir (innskotsbevis)
overførte via stråselskap til bankar i skatteparadis der kontoen berre
er tilgjengeleg ved bruk av ein kode. Dermed blir det ikkje mogleg å
etablera eit samband mellom desse kontoane og identiteten til
opphavsmennene. Pengane blir overførte utan at mistanken blir vekt hjå
styresmaktene i områda der terroristane har base.
_____
Sosiale rørsler samla i Mexico
I dagane 12.-14. august møttest 250 personar frå sosiale rørsler i
38 ulike land til ei internasjonal samling i Mexico by. Samlinga var
skipa til på initiativ frå Attac Frankrike, fagorganisasjonen CUT i
Brasil, småbrukarrørsla Via Campesina og Focus on the Global South. Føremålet
med samlinga var mellom anna å evaluera dei folkelege aksjonane og
internasjonale mobiliseringane dei to siste åra, og å føreslå felles
tiltak fram til Det sosiale verdsforumet i Porto Alegre i 2002.
Blant emna som blei drøfta på Mexico-møtet, var dei økonomiske
kreftene si "kolonisering" av organ i Dei sameinte nasjonane
og "vi-har-felles-interesser"-strategien til dei same kreftene
overfor friviljuge organisasjonar, særleg humanitære og religiøse
organisasjonar (fenomenet er kalla "kooptering" på fint, men
har elles fint lite til felles med samvirkeføretak…). Vidare blei den
aukande undertrykkinga av motstanden mot den liberalistiske
globaliseringa framheva, dessutan "folkloriseringa" av
motstanden og andre strategiar som tydeleg stammar frå medie- og
kommunikasjonsrådgjevarane som summar rundt den finansielle
honningkrukka.
Samlinga konkluderte med at Det sosiale verdsforumet i Porto var den
naturlege staden for ei breiare drøfting av desse utfordringane. Dei
sosiale rørslene må ta vare på dynamikken i motstanden ved å samla
seg om felles krav og prioriteringar når det gjeld frihandelsavtalar,
internasjonal handel, offentlege tenester, gjeld, finansspekulasjon og
finansmarknader, sosial utstøyting og utryggheit, jordspørsmål,
avgjerdsprosedyrar i internasjonale organisasjonar, genmodifiserte
organismar og matvaretryggleik, kulturell einsretting, militarisering,
kjønn, og felles samfunnsgode som vatn, energi og biologisk mangfald.
Rørslene vedtok til sist å bruka felles energi, fram mot Det
sosiale verdsforumet i januar/februar 2002, mellom anna på
mobiliseringa mot nye WTO-forhandlingar og samarbeidet mot FTAA, det
all-amerikanske frihandelsområdet. Når det gjeld WTO, så blir Beirut-møtet
5.-8. november og den internasjonale aksjonsveka prioriterte tiltak
(sjå seksjonen "WTO-nytt" i denne meldinga)
_____
Trakassering: Marokko, Andorra
Attac Marokko har enno ikkje fått status som ein lovleg organisasjon
På initiativ frå eit lokallag i Attac Frankrike er det sendt eit
opprop med 3000 underskrifter til statsminister Youssoufi, som 13. juni
svarte at han ville ta opp saka med innanriks- og justisministeren.
Sidan har det ikkje skjedd noko som helst på dén fronten. Den
juridisk-administrative trakasseringa av Attac Marokko held fram, og eit
forbod over natta kan ikkje utelukkast. Trass i at Attac Marokko
offisielt er ein "ikkje-lovleg" organisasjon, så heldt
foreininga sitt første landsmøte i Casablanca 14.-15. juli. Mest alle
lokallaga var representerte. Blant dei inviterte var Fathi Chamkhi,
talsmann for Raid (Attac Tunisia).
Marokko er eit land som er sterkt herja av IMFs
strukturtilpassingskrav og massive privatiseringar, ofte til fordel for
franske selskap i tenestesektoren. Slike forhold blei naturlegvis omtala
på landsmøtet, der organisasjonsspørsmål og den vanskelege
finansieringa av foreininga likevel var hovudsaka.
Eit konkret resultat av "Etonnants Paradis"-kampanjen fram
mot 9. juni, Attacs mobiliseringsdag i Europa mot skatteparadisa, var at
Attac Jersey blei skipa. Også i det andre landet som opplevde Attac på
nært hald den dagen, det vesle fyrstedømmet Andorra, er Attac i
emning. Styresmaktene i Andorra har elles lite til overs for denne
kritiske slangen i skatteparadiset (eller skal vi heller seia
"finanskrim-paradiset", så seksjon (5) ovanfor). Ulike falske
rykte blir systematisk spreidde om rørsla i Andorra, og eit lokallag i
Ariège i Frankrike har difor fått i stand eit opprop til støtte for
Attac Andorra.
_____
Den usosiale Verdsbanken
Dean Baker ved Center for Economic and Policy Research i Washington
skriv i ein artikkel at Verdsbanken dei siste ti åra er blitt leiande i
privatiseringa av velferdsordningar rundt om i verda. Særleg i
industrilanda har dette vore ordningar som har vore effektive reiskapar
til å minska fattigdommen blant eldre og funksjonshemma. Ingen private
system kan visa til slike resultat, slår Baker fast.
Åtaka til Verdsbanken mot dei sosiale ordningane har vore både
direkte og indirekte. I land som USA har dei vore indirekte. Der har
Verdsbanken systematisk fremja oppfatninga om at offentlege
velferdsordningar som dei i USA er uhaldbare Dette synet kom til dømes
klart til uttrykk i Verdsbankens bok "Averting the Old Age
Crisis", utgitt i 1994. Boka har vore gull verd for politiske
grupperingar som har interesse av (eller skal vi seia "interesser
i"?) å privatisera dei offentlege velferdsordningane overalt i
verda.
I utviklingslanda har åtaka vore langt meir direkte. Ved sida av å
gi verbal støtte til ideologane og finansinteressene har Verdsbanken
oppmuntra til privatisering gjennom å gi lån og fagleg bistand til
land som har kvitta seg med offentlege velferdsordningar. Baker peikar på
at banken si støtte til privatiserte velferdsløysingar er ulogisk, all
den tid ulike rapportar og studiar - jamvel Verdsbankens eigne! - viser
at veldrivne offentlege velferdsordningar er langt meir effektive enn
dei privatiserte. Dei administrative kostnadene ved dei privatiserte
systema, til dømes dei ein finn i England eller Chile, er over 1500
prosent høgare enn kostnadene i USA.
Joseph Stiglitz, den tidlegare sjeføkonomen i Verdsbanken, er mellom
dei som har forsøkt å endra bankens kolsviartru på privatiseringa av
offentlege velferdsordningar. Ein artikkel han er medforfattar av,
"Rethinking Pension Reform: Ten Myths About Social Security
Systems", viser at mange av argumenta for å velja eit privatisert
system fullstendig saknar grunnlag i realitetar.
_____
Argentina i krise
Den argentinske krisa har vart i tre år. Når skal landet få ein
pustepause frå ei offentleg gjeld som ved siste årsskiftet hadde nådd
opp i rundt 147.000 millionar dollar (ja, du las rett!), og som fører
til at 22 prosent av dei offentlege midlane går med til å betala
renter? Gjelda utgjer over 50 prosent av bruttonasjonalproduktet. 31
prosent av arbeidsstokken går utan arbeid, mange andre er
undersysselsette, og 14 prosent av befolkninga lever under
fattigdomsgrensa.
Mot ein slik bakgrunn håvar fleire av dei store selskapa inn større
profitt enn nokon gong tidlegare. Det gjeld til dømes Repsol-YPF, eit
konsern av privatiserte offentlege tenesteleverandørar, dei gigantiske
handlesentera og dei store transnasjonale bankane som forvaltar svære
pensjonsfond. Ingen bør undra seg over at det sosiale opprøret mot
regjeringa og dei økonomiske vilkåra i landet for lengst har velta ut
i gatene i Buenos Aires og andre byar. Attac Argentina er blant
organisasjonane som ser til at omverda heile tida får kunnskap om stoda
i landet.
_____
WTO-nytt
Underkommisjonen for fremje og vern av menneskerettar i Dei sameinte
nasjonane retta eit sterkt kritisk søkjelys mot den rolla
Verdshandelsorganisasjonen (WTO) spelar i globaliseringa. I ein
resolusjon blir regjeringane i verda oppmoda om å sjå til at
menneskerettslege forpliktingar blir følgde opp i WTO. Asbjørn Eide,
medlem av underkommisjonen og tidlegare direktør ved Institutt for
menneskerettigheter i Oslo, peika på at liberaliseringa av handel med
tenester hadde direkte følgjer for oppfyllinga av økonomiske, sosiale
og kulturelle rettar, og difor burde følgjast nøye opp av
underkommisjonen. Les meir om dette på Rorg-sidene.
I mange land verda over blir det for tida planlagt lokale markeringar
9. november i høve WTO-toppmøtet i Doha i Qatar. Til dømes førebur
norske organisasjonar i "Nettverk mot markedsmakt - for demokratisk
styring" fleire markeringar. "Verda vår er ikkje til
sals", "GATS-avtalen betyr tvangsprivatisering" og
"Menneskerettar går føre patentrettar" blir truleg sentrale
parolar. Grunnlaget for markeringane er to internasjonale opprop, eitt særskilt
om tenesteavtalen i
WTO, det andre om WTO
allment.
Internasjonalt blir det ei global WTO-aksjonsveke i dagane 6.-13.
november, med demonstrasjonar, debattar, gateteater og mangt anna. Attac
Sverige, til dømes, melder at foreininga planlegg å involvera
lokallaga og arbeidsgruppene sine i desse aktivitetane. Breidda i dei føreslåtte
tiltaka er svært stor, og det er ikkje mogleg å spegla alle fasettar
her. Enkelte av tiltaka, særleg i USA, kan òg bli noko endra i
solidaritet med offera for terrorhandlingane 11. september. Eit bilete
av breidda kan du få på nettstader som WTO
Action, WTO Watch og No
to WTO.
Nettverka "Arab NGO Network for Development" og
"Lebanese Platform on the WTO" skipar til ein
parallellkonferanse i Beirut
5.-8. november.
Nett no, derimot, har vi dei globale aksjonsdagane som Attac
Frankrike, Friends of the Earth og fleire andre organisjonar har oppmoda
til. Dagane 24.-25. september går startskotet for ein haustkampanje
fram mot WTO-toppmøtet i november.
Dei anerkjende organisasjonane Oxfam International, Third World
Network og Health Gap Coalition er opptekne av korleis USAs syn på
patentrettane er til skade for fattigfolks helse. Dei står bak ein stor
underskriftskampanje som strekkjer seg fram til WTO-toppmøtet. Les meir
om dette på Rorg-sidene.
I samband med jordbruksforhandlingane i WTO er det verdt å merkja
seg at somme asiatiske land innfører strengare reglar for
genmodifiserte organismar (GMO). Sri Lanka har bestemt at 21 kategoriar
av importerte næringsmiddel må vera heilt frie for genmodifisert
materiale. USA har kritisert forbodet sterkt, sjølv om det berre
omfattar fire prosent av USAs eksport av landsbruksvarer til Sri Lanka.
Vidare har Thailand signalisert ei strengare holdning til merking av
GMO-produkt, det same har Kina, Japan og Sør-Korea.
Utviklingslanda som er nettoimportørar av matvarer, har bede om eit
bidrag på 1,2 milliardar dollar for å hjelpa dei fattige landa til å
bøta på dei negative verknadene av jordbruksreformene. Forslaget er
fremja med grunnlag i GATT-reglane om tiltak ved uheldige utslag av
reformprogram i jordbrukssektoren, men blei møtt med ein kald skulder
av mange store eksportland (EU, USA, Canada, Sveits, Noreg, New Zealand
og Australia). Andre land nøydde seg med å peika på at WTO ikkje er
ein finansinstitusjon.
Holdningane og synspunkta til dei afrikanske landa føre
WTO-forhandlingane går på kryss og tvers. Sør-Afrika pressar på for
at dei andre landa skal godta ein brei forhandlingsrunde. Det
fransktalande Afrika synest å vera under sterkt press frå Frankrike,
og med den franske ultraliberalisten Pascal Lamy ved roret i
EU-kommisjonen blir det pressa på for full forhandlingspakke. Egypt
spelar òg ei nøkkelrolle, men har gitt ulike og uklare signal om kvar
landet står i ein del kontroversielle spørsmål.
Russlands medlemskap i WTO er usikker. USA, EU og Japan har kravd ei
verifisering av at handelslovgjevinga i Russland er i samsvar med
WTO-reglane. Russland, som fryktar å bli tvinga til å gi etter på
visse område eller ta på seg nye forpliktingar, har avvist dette
kravet, og understrekar at ingen andre land har måtta under lupa på
denne måten før dei blei tekne opp i WTO.
I alt 647 ikkje-statlege organisasjonar har svart på tilbodet om
deltaking på ministerkonferansen i Qatar. For å komma på tale som
deltakarar må dei tilfredsstilla WTOs kriterium. Dei vil ikkje kunna stå
bak noko som helst initiativ (framlegg eller avgjerd) under møtet.
Blant dei 647 er det elles ei rekkje organisasjonar som arbeider særskilt
for nærings- og handelsinteressene. Som eit kuriosum kan det nemnast at
WTO-direktøren nyleg har bede medlemsstatane innskrenka talet på
delegatar fordi det ikkje er uavgrensa med plass i møtelokala. Ei(n) og
anna(n) har vore i tvil om kor mykje hjarterom det er hjå Michael
Moore. No skortar det visst òg på husrom der i garden...
_____
Redaksjonen avslutta 24. september 2001.
"ATTAC-informasjonen" er eit månadsbrev som blir sendt ut
på distribusjonslista med same namn. Det internasjonale
Attac-nettverket har fem
nyheitsbrev (på fransk, engelsk, spansk, italiensk og norsk). Den
norskspråklege lista var 3.9.2001 registrert med 1307 abonnentar (dvs.
abonnementsadresser).
Vidar Rekve, informasjonen@attac.org
Det dreiar seg ganske enkelt om at vi i fellesskap krev tilbake
makta over framtida til verda vår.
|