Om gjeldslette
Etterdønningane etter G8-toppmøtet i Genova har i skrivande stund
enno ikkje lagt seg, særleg ikkje i Italia. I dette nummeret har eg i
seksjonane (2)-(4) nedanfor teke med tre Attac-tekstar som fyller ut og
eventuelt korrigerer mediebiletet av demonstrasjonane under G8-toppmøtet.
Teksten i seksjon (2) er ikkje tidlegare distribuert på denne lista.
Hærverket, provokasjonane, drapet på Carlo Giuliani og
politibrutaliteten generelt i Genova fekk ikkje Attac til å missa
perspektivet på G8-møtet undervegs. Gjeldssletting for dei fattige
landa var hovudsaka for Attac-rørsla under toppmøtet. Dette kravet var
blant dei som blei kraftfullt markerte i Genovas gater, der så mange
som 200.000 demonstrantar kan ha vore ute i gatene på det meste.
Støttemarkeringar fann stad i fleire andre byar under toppmøtet.
Til dømes organiserte Attac Helsinki, i samarbeid med fleire andre
grupper og organisasjonar, ein demonstrasjon i den finske hovudstaden
21. juli, og toget samla 700 personar. Finske markeringar i protest mot
den italienske politivalden fann dessutan stad 25. og 28. juli. Attac
Noreg og Aksjon Slett U-landsgjelda samla for sin del kring 300 menneske
til ei markering på 7. juni-plassen i Oslo 21. juli, og det var òg
markeringar i andre nordiske byar.
Det finst mange vegar til kunnskap om u-landsgjeld og forholdet
mellom gjeldssletting og utvikling. Kor stor er den offentlege gjelda
til dei fattige landa, og kor viljuge er G8-landa, andre kreditorland og
dei internasjonale finansinstitusjonane til å ettergi denne sosialt og
økologisk skadelege gjelda? Ein grei stad å byrja for novisar på
feltet er ein statusrapport frå den belgiske gjeldsletteorganisasjonen
CADTM. Eit kort samandrag av statusrapporten finn du i seksjon (6) i
april-nummeret av "ATTAC-informasjonen", sjå http://attac.org/attacinfono/journalno17.htm:
"Smular til dei mest gjeldstyngde fattige".
Aksjon Slett U-landsgjelda i Noreg har drive under Jubilee
2000-paraplyen i fleire år, og er ein naturleg samarbeidspartnar for
Attac. Nettsidene deira inneheld mange viktige dokument, og gir dessutan
eit fint overblikk over korleis dette arbeidet blir drive: http://www.forumfor.no/visarbeidsgruppe/4.
Attac Sveriges rapport "Skriv av de fattiga ländernas
skulder", som er publisert på http://www.attac.nu/portal/artiklar/autoartikel.php?id=30,
er vel verdt å lesa. Her finn du både ei beskriving av u-landsgjelda
som fenomen og av den historiske utviklinga, dessutan ei rekkje framlegg
til tiltak.
For dei som les engelsk og andre store språk, er Attacs
internasjonale sider ei kjelde som aldri renn tørr Her er tre utvalde
tekstar på engelsk om gjeldsspørsmålet:
http://attac.org/genes2001/documents/docdet7en.htm
"Unlawful debt or financial crime against human
development" – A. Zacharie, CADTM, Belgia.
http://www.attac.org/fra/toil/doc/jubilee.htm
"The Development and Historical Context of the Debt Crisis"
– F.G. Pascual, RCPD, Filippinane.
http://www.cepr.net/columns/weisbrot/rich_countries_offer_empty_promi.htm
"Rich Countries Offer Empty Promises to the World's Poor"
– M. Weisbrot, CEPR, USA.
Har du hug til å gå endå djupare ned i dette stoffet, er sidene
til Attacs partnarorganisasjonar Drop the Debt og Jubilee 2000 rette
staden, sjå http://attac.org/weblinks/net.htm
for ei full oversikt over rørsla sine partnarar for gjeldslette.
Franskkunnige finn mellom anna ei handfull dokument om gjeldsspørsmålet
på adressa http://attac.org/genes2001/documents/documents.htm,
under overskrifta "Dette" (eit stykke ned i venstremargen på
sida). Desse tekstane blei samla på Genova-sidene til Attac Frankrike i
vekene før G8-møtet.
_____
Genova: Politiraid mot GSF (22.7.)
"Brutal ransaking
Av Laurent Jésover*
Ved midnatt natt til 22. juli gjennomførte politiet og
politisoldatane to husundersøkingar, den første i mediesenteret og den
andre i Diaz-skulen like overfor mediesenteret i den vesle Batisti-gata.
Nær to hundre politifolk tok seg med makt inn i dei to bygningane.
I mediesenteret (der òg sekretariatet til Genova Sosiale Forum låg)
interesserte politiet seg for første og dessutan for tredje etasje, der
Indymedia heldt til. I Diaz-skulen herja dei i alle etasjane og slo laus
på folk som oppheldt seg der, og det hagla av slag mot enkelte. Grunnen
til raidet skal ha vore at arrestantar frå "Svart Blokk"
hadde oppgitt at dei hadde funne våpna sine i desse bygningane.
Italiensk rett gir høve til "maktbruk" ved husundersøkingar
i to tilfelle: våpen og narkotika. Ifølgje ein radiostasjon skal
faktisk ordren om dette politiraidet ha komme direkte frå Roma, den
lokale politimeisteren skal ikkje ha blitt varsla.
I Diaz-bygningen blei førsteetasjen ramponert, til liks med dei
andre etasjane: øydelagde datamaskiner som låg knuste på golvet,
ramponerte sovesalar, eignelutar som var kasta ikring overalt. Dørene
blei brotne opp. Folka som oppheldt seg på staden, blei banka opp. Ei
oppteljing viste at meir enn tretti personar var skadde, dei fleste av
dei låg utstrekte på bårer. Svært få personar var i stand til å ta
seg ut av bygningen sjølve, og dei heldt seg til hovudet eller til
nasen, og det verka som om dei blødde. Minst éin person hadde falle i
uvit og var ute av stand til å snakka.
I etasjen der Indymedia heldt til, verka det som om politifolka berre
var ute etter videokassettar og anna materiell av same slag. Her òg
viste dei ei brutal framferd.
Politiet nekta advokatane, og jamvel ein italiensk senator, å komma
inn for å sjå kva som skjedde. Gatene var fulle av politifolk. Eit
helikopter surra lågt over gata, og brukte lyskastaren sin til å feia
over alle fasadane.
Eitt av forholda som kan tenkjast å forklara den valdelege framferda
til politiet, er ein reportasje som blei vist på ein av dei italienske
tv-kanalane. Her fekk ein sjå hopehavet mellom visse element frå
"Svart Blokk" og politiet, der dei førstnemnde tok imot
ordrar eller råd frå dei sistnemnde. Den uhøyrde brutaliteten som
raidet blei gjennomført med, stod på ingen måte i forhold til
situasjonen som politiet stod overfor, for då dei trengde seg inn i
Diaz-bygningen, hadde folka der alt lagt seg til å sova
Då ambulansane hadde frakta bort folk og politivogna var fylt opp
med arrestantar, drog politieiningane smått om senn bort frå området.
Genova Sosiale Forum held i morgon tidleg ein pressekonferanse. Det kan
òg bli gjennomført aksjonar i løpet av søndagen.
Støyen frå helikopter og sirener, skrika og uniformene gav, ein
augneblink, ei kjensle av å leva i eit militærdiktatur.
Politibrutaliteten forsterka dette inntrykket. I tillegg blir inntrykket
ytterlegare forsterka, og det er endå alvorlegare, av dei øydelagde
filmrullane og dei konfiskerte kassettane, for same kva som blir oppgitt
som grunn og kva orsakingar ein måtte komma med, så dreiar det seg
ganske enkelt om å konfiskera og øydeleggja informasjonsmateriell.
Dei ulike rørslene her i Genova er frykteleg oppskaka. Spenninga
aukar, men strategien med å driva opp spenninga er nett den politiet
har følgt dei siste dagane. Spenninga har auka endå eit hakk etter
hendingane denne natta i Genova."
(* Laurent Jésover er Attac-redaktør og den nettansvarlege for
attac.org. Omsetjars merknad.)
_____
Genova: Attac Italia (26.7.)
""Italia vaknar"?
(Dei første orda i den italienske nasjonalsongen er "Brør av
Italia, Italia vaknar...".)
På dagen for gravferda til Carlo Giuliani, som fredag 20. juli blei
drepen av italienske politisoldatar, er det demokratiske Italia igjen
ute på piazzane i byane for å forsvara fridommen og dei
konstitusjonelle rettane og for å fordømma valden til
"ordensstyrkane".
Vi vil slå fast at det som hende i Genova, ikkje er ein ulykkeleg
eller tilfeldig episode i arbeidet med å tryggja offentleg ro og orden
under ein stor folkeleg demonstrasjon. Handlingane til politiet,
politisoldatane og finansgarden (i Italia har jamvel Finansministeriet
ein eigen ordensstyrke med same myndigheit som politiet) er blitt
forsvarte utan atterhald av innanriksminister Claudio Scajola, som
insisterer på at operasjonen med å "avgrensa" demonstrantane
og å sikra ei "roleg" avvikling av G8-møtet var vellykka,
eit syn som i dag blir støtta av politisjefen.
Vi minner om at i tillegg til dei "offisielle" 280
arresterte, 231 såra og Carlo Guilianis lagnad finst det hundrevis av
personar som ikkje ønskte å bli behandla på sjukehus og dermed
risikera å bli arresterte utan grunn, slik vi kvar dag under
demonstrasjonane har sett døme på at folk er blitt.
Vidare finst det i skrivande stund, slik det er komme fram etter spørsmål
i Parlamentet (fremja av partia Rifondazione Comunista og Dei Grøne),
ein fare for at mellom 50 og 80 demonstrantar, dei fleste av dei
utanlandske, må reknast som "forsvunne". Dei har ikkje dukka
opp etter demonstrasjonane, og politiet kan ikkje gjera greie for dei.
Det som uroar oss alle, er at det blant desse "forsvunne" kan
vera folk som er arresterte og fengsla utan lov og dom sidan laurdag
(slik det skjedde med dei aller fleste som blei arresterte under G8-møtet
i Genova), men framfor alt er vi uroa for at somme av dei kan ha blitt
utsette for så grov vald at styresmaktene helst vil gøyma dei unna.
Vi ber dykk om å leggja nødvendig press på regjeringa dykkar og på
EU for at borgarrettane, menneskeverdet og dei internasjonale
konvensjonane skal bli respekterte i Italia. Formelle protestar frå
regjeringane og den folkelege opinionen er særs viktige for å stogga
overgrepa til Berlusconi-regjeringa.
Amnesty International og Reporterar utan grenser har annonsert ei
offisiell gransking av det som skjedde i Genova, som ifølgje
internasjonale observatørar krev ei fordømming utan vilkår.
Som de allereie veit, så finst det talande vitnesbyrd frå personar
som blei innesperra av politiet. Menn, kvinner, sjuke og jamvel
funksjonshemma menneske blei slått, utskjelte, truga, audmjuka. I
Bolzaneto-kasernen (éin km frå staden der G8-leiarane møttest i
Genova) song politisoldatane denne strofen, som dei ville ha
arrestantane til å syngja med på: "Un due tre, viva Pinochet,
quattro cinque sei, a morte gli ebrei, sette otto nove, il negretto non
commuove, sieg heil apartheid" ("1, 2, 3, leve Pinochet, 4, 5,
6, død over jødane, 7, 8, 9, den vesle negeren bryr vi oss ikkje om,
sieg heil apartheid"). Dei hadde rett, Genova var omskapt til
Santiago de Chile under Pinochet Sjukehusa har i dag fordømt politiet
sin bruk av falske ambulansar, trakasseringa av det akuttmedisinske
personalet og forsøka på å hindra at såra demonstrantar fekk
legehjelp.
Dessverre er lista med overgrep endå lengre, altfor lang. Sanninga
og rettferda, som vi både krev og vil medverka til, lèt seg ikkje
stansa av hindringar, korkje frå politiet eller media si side. Vi
kjenner oss trygge på at valdsbruken vil bli fordømd, og at dei
ansvarlege må stå til rette for det som skjedde.
I går, under gravferda til Carlo Giuliani, deltok meir enn 350.000
menneske i Italia i marsjar og "sitt ned"-demonstrasjonar og
stod på informasjonstand i alle dei italienske byane (ja, absolutt
alle!). I Milano gjennomførte meir enn 100.000 menneske ein symbolsk
okkupasjon av byen natt til 24. juli. I Roma demonstrerte 50.000
menneske for fjerde dag på rad. I enkelte småbyar som Trieste, La
Spezia, Cagliari, Brescia, Cremona og mange andre demonstrerte tusenvis
framfor politikammera. Det var ingen valdstilfelle, ingen samanstøytar
med politiet, ingen steinar som suste gjennom lufta. Berre eit par ord i
taktfaste rop frå demonstrantane: "skam",
"mordarar". Rørsla er fredeleg, valden er mot rørsla. Om
nokon tvilte på dette, så har dei siste dagane heilt fjerna denne
tvilen.
Foreldra til Carlo Giuliani har bede alle om å halda fram med å
kjempa for ei anna verd. For ei anna verd er mogleg, utan vald. Dei har
bede om at det blir gitt pengestøtte, til minne om Carlo, til sosiale
tiltak som sonen gjekk inn for.
Genova Sosiale Forum inviterer alle dei lokale samordningsgruppene
til å danna eit sosialt forum i kvar by og å halda fram med å gå
vidare på den vegen som blei gått opp i Genova når det gjeld tema,
deltaking, fredelege aksjonsformer og forslag, og som fører til Det
sosiale verdsforumet i Porto Alegre i 2002.
For ei anna verd er mogleg, i fellesskap.
Claudio Jampaglia
Attac Italia"
_____
Genova: Attac Frankrike (26.7.)
"Etter at Berlusconi-regjeringa har drive sitt maskepi
Vi held fram med å kjempa mot den liberalistiske globaliseringa, og
stiller Jacques Chirac og Lionel Jospin til ansvar
Fråsegn frå den daglege leiinga i Attac Frankrike
G8-toppmøtet i Genova vil få sin særskilde plass i historia av to
grunnar. Den eine er ein tragisk maskerade med omsyn til innhaldet i
avgjerdene som blei tekne på toppmøtet. Den andre er ei særs
urovekkjande opptrapping av forsøka på å kriminalisera motstandarane
av den liberalistiske globaliseringa, i form av omfattande bruk av
fordekte handlemåtar frå politiet si side.
1. Slutterklæringa til G8-landa er eit monument over den innkapsla
holdninga til desse landa, og grensar mot provokasjon og hykleri.
La oss ta den innkapsla holdninga først. Erklæringa uttrykkjer
tilsynelatande eit ønske om "partnarskap med det sivile
samfunnet", men er i røynda stikk i strid med ønskemåla til dei
rundt 200.000 fredelege demonstrantane som gjekk i tog i Genovas gater
trass i trakasseringa og dei stadige provokasjonane frå politiet si
side:
- Slutterklæringa omtalar "lanseringa av ein ny og ambisiøs
runde med forhandlingar om verdshandelen", med andre ord skal
ein i Qatar ta opp att forhandlingsrunden som havarerte så ynkeleg
i Seattle.
- I forakt for kjensgjerningane framhevar også denne slutterklæringa
fordelane ved den liberalistiske globaliseringa, eit vedundermiddel
som kan innfri dei grunnleggjande ønskemåla til menneskeslekta.
Dei franske borgarane, derimot, lèt seg ikkje lura, for i ei
opinionsmåling nyleg (Le Monde 19. juli 2001) meiner 55 prosent av
dei at globaliseringa først og fremst tener interessene til dei
multinasjonale selskapa, 47 prosent meiner at det er interessene til
finansmarknadene som dominerer, medan berre 1 – éin – prosent
av dei spurde meiner at det er "folk flest" som tener på
globaliseringa.
- Slutterklæringa tek til orde for auka bruk av genmodifiserte
organismar, jamvel om alle vitskapsfolk som ikkje har tilknyting til
landbrukskjemiske selskap, er samde om at ingen av dei påståtte
fordelane ved slike organismar er verifiserte, og at ingen av dei
moglege farane er vurderte.
Så til hykleriet. Dei to initiativa som blei annonserte med brask og
bram, er fullstendig utan innhald:
- Gjeldsletta for dei mest gjeldstyngde fattige landa, som blei
presentert som eit "betydeleg bidrag til kampen mot
fattigdom", har til dags dato berre omfatta fem land og fem
milliardar dollar, altså 0,2 prosent av den samla offentlege gjelda
i den tredje verda, som no er oppe i 2500 milliardar dollar.
- Det nyoppretta fondet for "kamp mot AIDS, malaria og
tuberkulose" har fått eit budsjett på latterlege 1,3
milliardar dollar, og det er forresten berre delvis tale om nytilførte
midlar. Dette beløpet utgjer kring ein tredel av utbytet som i 2001
blei utbetalt berre til aksjonærane i Marks & Spencers, eit
selskap som i år vedtok omfattande børsverdi-inspirerte
oppseiingar av tilsette.
2. Dei fordekte handlemåtane til politiet i Genova inneber ei klar
opptrapping av forsøka på å kriminalisera dei fredelege motstandarane
av den liberalistiske globaliseringa.
Tala og augevitneskildringane talar sitt tydelege språk: éin person
er død, 600 er skadde, hundrevis er arresterte, og det har vore
systematisk bruk av vald og jamvel tortur mot arrestantane. Målet var
innlysande: å flytta merksemda til den offentlege opinionen bort frå
dei sentrale sakene under demonstrasjonane i Genova og over til
"valden" ved å framstilla demonstrantane som ein gjeng bråkmakarar
og vandalar.
Genova Sosiale Forum (GSF), eit samordningsnettverk av fleire hundre
organisasjonar (mellom dei Attac Italia) som arrangerte det alternative
toppmøtet, hadde gjort alt dei kunne for at organisasjonane i forumet
skulle demonstrera utan hærverk og valdsbruk. GSF lykkast med dette.
Men politiet hadde andre planar. På den eine sida lèt politiet med
vitande og vilje grupper av provokatørar utan tilknyting til GSF driva
omfattande hærverk. På den andre sida hadde dei infiltrert gruppene
for å kunna gå til stadige åtak på demonstrantane og jamvel politiet
sjølv for å "rettferdiggjera" den uhøyrde valdsbruken sin.
Augevitneskildringane vi har tilgang til frå personar som blei
arresterte, og frå andre som blei sperra inne på det mest fantasifulle
grunnlaget, viser villskapen i dei repressive metodane.
Det finst ikkje lenger tvil om dei fordekte handlemåtane til
politiet under Berlusconi-regjeringa. Føremålet var å framstilla
motstandarane av den liberalistiske verdsordenen som djevlar, å
diskreditera krava deira, og å skremma dei for framtida. Dette blir
underbygd av personlege vitnesbyrd (mellom anna frå ein av kyrkjas
menn, offentleggjort i La Repubblica 22. juli), og av videoar der ein
ser enkelte frå "Svart Blokk" komma ut av lastebilane til
politisoldatane og prata roleg med dei. Alt tyder på at det ikkje
dreiar seg om eit isolert initiativ teke av Berlusconi-regjeringa. I
Barcelona, under demonstrasjonen 24. juni mot Verdsbanken, blei dei same
metodane nytta av det nasjonale spanske politiet. Ein "Svarte
Internasjonale" av "tenester" synest ganske visst å vera
oppretta mot motstandarane av den liberalistiske globaliseringa. Vi må
demaskera desse kreftene og fordømma dei som ein særs alvorleg fare
for demokratiet.
3. Siste ordet er ikkje sagt
Det viktigaste for Attac Frankrike har i første omgang vore å
arbeida for frigjevinga av medlemmer og sympatisørar som blei haldne
innesperra, og dessutan andre franske borgarar i same situasjon. 24.
juli var dette målet nådd. Vi vil i denne samanhengen understreka det
framifrå samarbeidet mellom det franske utanriksministeriet og
representantane deira i Italia, noko som imidlertid slett ikkje fritek
den franske regjeringa frå det ansvaret dei ber saman med dei andre
G8-medlemmene når det gjeld dette uverdige toppmøtet. G8-leiarane
burde ha vist ei så pass anstendig holdning at dei heva møtet
umiddelbart etter det som skjedde i gatene.
Vi stadfestar, som aktivistar, solidariteten vår med alle
demonstrantane frå andre land som blei offer for overgrep, særleg dei
40 tyske og 21 britiske demonstrantane som blei skadde, somme av dei
alvorleg, under det brutale politiraidet mot GSFs hovudkvarter natt til
søndag 22. juli. Vi krev at den italienske regjeringa slepper fri alle
dei andre personane som framleis sit innesperra.
For nettverket av organisasjonar som blei oppretta for å førebu
Genova-markeringane, er det viktigaste nett no å få samla inn
vitnesbyrd om den stundom barbariske valdsbruken som personane som blei
arresterte og sperra inne, blei offer for eller vitne til. Vi har alt
motteke eit halvt dusin slike, og det går kaldt nedover ryggen på oss
når vi les dei. For tida vurderer vi kva rettslege steg som kan vera
aktuelle i desse sakene. Det skjer i samarbeid med Attac Italia og GSF,
som vi på ny vil uttrykkja vår heile og fulle solidaritet med. Vi støttar
særleg GSFs krav om ein internasjonal granskingskommisjon i regi av
Amnesty International.
Samstundes vil vi visa vår indignasjon overfor
Berlusconi-regjeringa, som gjer skam på Italia, særleg gjennom at vi
demonstrerer framfor den italienske ambassaden torsdag 26. juli kl.
1830.
I tillegg vil vi, på grunnlag av dei innsamla vitnesbyrda, utforma
ein høgtideleg førespurnad til Frankrikes president Jacques Chirac,
som underteikna slutterklæringa frå G8-møtet, og til statsminister
Lionel Jospin, for å be dei om ei formell fordømming av framferda til
Silvio Berlusconi, ein mann som jamvel det britiske liberalistiske
vekemagasinet The Economist hadde karakterisert, før han blei vald, som
"upassande til å regjera Italia" Vi vil òg be dei om å støtta
alle tiltaka til franske borgarar som blei offer for det italienske
politiet.
Regjeringa Jospin og president Jacques Chirac må no visa at dei har
forstått meldinga frå Genova riktig. Det handlar ikkje berre om å
oppretta ein "dialog", men å forkasta heile den
liberalistiske politikken som blir ført i Frankrike, i EU og
internasjonalt.
Attac Frankrike vil, gjennom opplæring, opplysning og handling,
halda fram med å kjempa mot den liberalistiske globaliseringa og for
ein alternativ politikk. Alternativa vil i første omgang særleg bli
emne for ordskifta under Attac Frankrikes sommaruniversitet, som blir
skipa til i Arles frå 24. til 28. august.
Å styrkja Attac ved å auka medlemstalet er ein god måte å
forlengja styrken til den store rørsla i Genova på.
Paris, 26. juli 2001, kl. 1100."
_____
"(Anti)globalisering"?
På enkelte av Attacs diskusjonslister er det, særleg etter
demonstrasjonane i Nice (EU-toppmøtet i desember 2000) og i Quebec
(sluttkonferansen for Free Trade Area of the Americas i april 2001),
blitt lufta ein god del irritasjon over mediesjablongane i omtalen av
demonstrantane som "anti-globalistar",
"globaliseringsmotstandarar"osb. I den samanhengen har
Attac-medlemmer komme med forslag til positive avløysarord, både det
tradisjonelle "internasjonalistar" og dei nyskapte
"alter-globalistar" (for ei alternativ globalisering) og
"demo-globalistar" (for ei folkestyrt globalisering).
Likevel: Flokkmentaliteten i media saman med konfliktkriteriet i
nyheitsformidlinga gjer at alle direkte forsøk på å få redaksjonane
til å skifta ut meir eller mindre misvisande nemningar mest sannsynleg
er til fånyttes. Ei etablert og konflikt-orientert nemning blir ikkje
utan vidare erstatta av ei uvanleg og meir nyansert nemning. Då er den
indirekte metoden meir effektiv: systematisk bruk av slagord og
poengterte bodskapar som kan erobra overskrifter og bilettekstar:
"Ei anna verd er mogleg", "Porto Alegre er
framtida", "Globaliser håpet".
I tillegg kan alle som får sjansen til å bli intervjua på gata
eller over telefon om kva Attac til dømes meiner om
"globaliseringa", prøva å følgja retningslinjene nedanfor.
Det er til dels tale om grep som er velkjende for alle som arbeider
profesjonelt med informasjon, og medierøynde lesarar kan difor trygt
hoppa over dei neste avsnitta.
(a) Legg sjølv premissane for den ferdigredigerte avisartikkelen
eller radio-/fjernsynsinnslaget som går på lufta! Ver meir oppteken av
det du vil ha sagt, enn av spørsmåla som blir stilte (gi om nødvendig
eit kort og ganske innhaldstomt svar på eit uinteressant spørsmål,
vri så straks over til det du helst vil snakka om). Ytringane må vera
forma slik slik at den/dei viktigaste bodskapen/-ane blir presentert/e
samla, og gjerne på spissformulert vis. Pakk inn bodskapen i setningar
med ei form som gjer det vanskelegare for media å klippa i bodskapen og
slik berre presentera delar av han.
Døme: På spørsmålet "Kvifor er Attac mot
globaliseringa?" kan svaret såleis vera "Kva slags
globalisering? Dersom du med "globalisering" meiner utviklinga
av ein rettferdig internasjonal økonomi som er demokratisk styrt og
fullt ut tener menneskelege behov, ja så er Attac tilhengjar av
globaliseringa!"
(b) Bryt skjemaet! Kvar hending og tilskiping har sitt eige
"skjema" (eit slags innhaldsregister av vanlege førestillingar)
som er med på å bestemma korleis media legg opp dekninga. Eit skjema
for ein demonstrasjon, til dømes, inneheld element som
"demonstrasjon mot X", "appell(ar)",
"demonstrantar, kor mange og kven", "togruta",
"parolar" Felles for fleire av elementa i eit vanleg skjema
for ein demonstrasjon er at dei er negative, altså MOT eitt eller anna.
Du bryt såleis skjemaet ved å understreka det du demonstrerer FOR. Eit
slikt brot gjer svaret meir interessant for media, mellom anna fordi det
er litt uventa og ofte rikare på informasjon.
Døme: På spørsmålet "Kvifor demonstrerer Attac mot det de
kallar den "konsernstyrte globaliseringa"?" kan svaret såleis
vera "Sidan den konsernstyrte globaliseringa medverkar til å halda
ved like fattigdommen i verda, så er vi 300 Attac-medlemmer og andre
her i dag som vil markera solidariteten vår med dei fattigaste
landa." Eller: "Attac er her i dag for å visa at vi kjempar
for økonomisk demokrati, for at den økonomiske politikken skal styrast
av samfunna, ikkje av finansinteressene og dei multinasjonale
selskapa."
(c) Trass i behovet for spissformulerte og ferdigredigerte ytringar:
Dersom du får ein sjanse til å resonnera omkring eller utdjupa svara
dine, så hald fast på nyansane! La deg ikkje pressa inn inn i nye
mediesjablongar. Attacs internasjonale plattform gir rørsla ein
analyse, ei holdning og ei retning for ei alternativ globalisering, men
det er den konkrete verksemda (her òg dei skriftlege og munnlege
ytringane) til den enkelte i Attac-rørsla som folk møter i kvardagen.
Det er eit ansvar som kvar Attac-medlem må vera seg bevisst.
All bruk av ordet "globalisering" inneber ei tolking av
ordet. Den Washington-baserte forskingsinstitusjonen Center for Economic
and Policy Research (CEPR) la i juli fram ein rapport som tok
utgangspunkt i den rådande (liberalistiske) bruksmåten. Rapporten
konkluderte med at "det er ikkje grunnlag i datamaterialet for å
hevda at politikken som blir forbunden med globalisering, har styrkt
utbytet for utviklingslanda." Du kan lesa meir om dette på
ressurssidene til Rorg-samarbeidet, http://solidaritetshuset.org/rorg/aktuelt/0134.htm.
_____
Tobin-avgifta: Uruguay, Argentina, USA
I Uruguay er Tobin-avgifta fremja for det nasjonale parlamentet. Sist
i mai fremja senator José Korzeniak, i samarbeid med Attac Uruguay, eit
lovframlegg som skal forplikta Uruguay til å gå inn for ei
valutaavgift i alle internasjonale samanhengar. Etter det uruguaynske
framlegget skal det opprettast eit organ under Det økonomiske og
sosiale rådet i Dei sameinte nasjonane for å administrera inntektene
frå avgifta. Inntektene skal nyttast til fordel for utviklingslanda i
kampen mot fattigdom og for økonomisk utvikling og gjeldslette.
I Argentina organiserer parlamentarikarar seg for å vinna gjennom
med to framlegg, eitt i det argentinske representanthuset og eitt i
senatet, om innføring av Tobin-avgifta. Eit møte mellom
representantane blei halde 6. juni, og eit felles møte mellom alle
representantane og senatorane som støttar framlegga, fann stad 5. juli.
Dei nemnde argentinske folkevalde sluttar seg i den samanhengen seg
samla til det internasjonale parlamentarikar-oppropet for Tobin-avgifta.
I USA blir det snart fremja ein ny resolusjon i Representanthuset om
ei avgift på internasjonale finanstransaksjonar. Som sist er det
representanten Peter DeFazio som står bak. Resolusjonsteksten krev, ved
sida av innføring av ei transaksjonsavgift av "Tobin-typen",
at USA fremjar avgifta internasjonalt overfor Verdsbanken, IMF og
organisasjonar som OECD, G8 og G20, og at det skjer gjennomgripande
reformer i dei internasjonale finansinstitusjonane.
Tekstane til framlegga som er nemnde her, og status for det
internasjonale parlamentarikar-oppropet for Tobin-avgift, finn du på http://tobintaxcall.free.fr/.
_____
WTO-nytt
Utviklingslanda er opprørt over stoda berre få månader før den
neste WTO-ministerkonferansen i Doha i Qatar. Det er ingen framgang i ei
rekkje av spørsmåla, og det er heller ikkje semje mellom
utviklingslanda og industrilanda på mange område. Aileen Kwa i Focus
on the Global South, ein av Attacs partnarorganisasjonar, siterer den
malaysiske delegasjonen: "Det eksisterer eit utviklingsunderskot.
Marginaliseringa av mange utviklingsland i verdsøkonomien er eit
uttrykk for dette(...) Vi kjem ikkje vidare. Vi karakteriserer
situasjonen som nedslåande, urovekkjande, demoraliserande og til dels
deprimerande." Les meir om utviklingslanda si uro på ressurssidene
til Rorg-samarbeidet: http://solidaritetshuset.org/rorg/aktuelt/0135.htm.
*
India har gitt ei røyst til mange utviklingslands misnøye den siste
tida. Landet meiner at dersom dei urettferdige utslaga av den førre
runden (Uruguayrunden, som resulterte i opprettinga av WTO i 1995) ikkje
blir korrigerte, vil ministerkonferansen i Doha neppe lykkast. India
peikar òg på at det er lite entusiasme for ein ny omfattande runde med
innføring av nye forhandlingsområde, tvert om er det mykje motstand
mot å forhandla på dette grunnlaget. I tillegg seier India tvert nei
til at miljøspørsmål, arbeidsstandardar og investeringar skal med i
den planlagde forhandlingsrunden.
*
Ei av årsakene til at utviklingslanda ikkje aksepterte eit
kompromiss på ministerkonferansen i Seattle i 1999, var den
ekskluderande og provoserande bruken av "det grøne rommet" i
Seattle. Nokre titals av dei viktigaste handelsmaktene stengde seg sjølve
inne i (og dei aller fleste utviklingslanda ute frå) "det grøne
rommet", der dei freista å leggja premissane for den nye
forhandlingsrunden. Bruken av uformelle samtalar mellom utvalde
WTO-medlemsland held fram med å provosera. Jamaica er blant landa som
har uttrykt misnøye med at dei ikkje får vera med på dei uformelle rådslaga.
Det står altså framleis skralt til med den "interne openheita og
inkluderande deltakinga" som WTO-direktør Mike Moore meiner
karakteriserer førebuingane til WTO-toppmøtet.
*
Utviklingslanda, ikkje minst dei afrikanske landa, står under eit
enormt press frå dei økonomiske sterkaste WTO-medlemmene, som for all
pris vil unngå ei evig ørkenvandring under Doha-konferansen. Egypt og
Sør-Afrika blir nytta som bruhovud i arbeidet for å få dei afrikanske
landa til å godta eit kompromiss om forhandlingsgrunnlaget. Det blir òg
arbeidd for å få Gabon og Kenya til å bli mildare i tonen og saman
med Egypt og Sør-Afrika leia nabolanda mot eit kompromiss. Berre massiv
motstand frå det sivile samfunnet i landa i månadene som kjem kan få
handelsministrane i nokre av verdas fattigaste land til å stå imot
presset for meir handelsliberalisering og mindre vern mot næringsøydeleggjande
import av varer og tenester.
*
På landbruksområdet viste WTOs spesialsesjon i mai, framleis ifølgje
Aileen Kwa i Focus on the Global South, at EU og USA aktivt fremjar
interessene til dei store næringsmiddelkonserna. Samstundes som dei vil
ha utviklingslanda til å liberalisera marknadene sine, så held dei
fast ved eit omfattande vern av eigne marknader. USA vil ha
utviklingslanda til å skjera ned på landbruksstøtta si, medan EU held
fast på at eksportsubsidiane i Unionen berre skal reduserast sakte, og
vil dessutan halda fram med andre typar støtte som medverkar til
dumping av overskotsproduksjon og undergraving av lokale og regionale
marknader i utviklingsland.
Spesialsesjonen viste elles at t.d. Japan har eit "tredje
standpunkt" når det gjeld tollsatsar på landsbruksvarer. Landet
har ein sosialt viktig risproduksjon som må vernast, og meinte at dei
enkelte landa sjølve må kunna bestemma tollsatsane etter eigne behov
og problem. Vidare meinte m.a. India og Asean-landa at så lenge
landbrukssubsidiane i OECD-landa ikkje blir reduserte, så vil heller
ikkje dei forplikta seg til å senka tollsatsane.
Aileen Kwa i Focus on the Global South konkluderer mellom anna med følgjande:
"Det er ein bløff når marknadstilgang blir nytta som lokkemiddel.
Dersom alle land (medrekna USA og EU) siktar mot større
marknadstilgang, så er det uråd, gitt dei avgrensa marknadene, å gi
alle partar det dei vil ha. Det vil bli vinnarar og taparar, og fleire
taparar enn vinnarar. Somme utviklingsland kan få litt større
marknadstilgang, men må til gjengjeld gi bort meir enn dei får når
det gjeld heimemarknadene."
*
13. juni: Denne dagen oppmoda meir enn 60 organisasjonar i 25 land
verda over Den europeiske unionen om å trekkja tilbake framlegget sitt
om ein ny WTO-runde. I staden blei EU beden om å gjennomføra ei
evaluering og ein revisjon av det noverande internasjonale
handelssystemet. Som kjent var EU-landa slett ikkje lydhøyre for den
oppmodinga då dei møttest nokre dagar etter på toppmøtet i Göteborg.
Tvert om, EUs engasjement for "ein stadig meir omfattande
handelsliberalisering", grunnsteinen i WTO-systemet, blei framheva
på nytt.
_____
Redaksjonen avslutta 12. august 2001.
"ATTAC-informasjonen" er eit månadsbrev som blir sendt ut
på distribusjonslista med same namn. Det internasjonale
Attac-nettverket har fire informasjonslister (på fransk, engelsk,
spansk og norsk, sjå http://attac.org/indexlistes.htm).
Den norskspråklege lista var 1.8.2001 registrert med 1220 abonnentar
(dvs. abonnementsadresser).
Vidar Rekve, informasjonen@attac.org
Det dreiar seg ganske enkelt om at vi i fellesskap krev tilbake makta
over framtida til verda vår.
|