Og så var vi fire!
America Vera-Zavala frå Attac Sverige heldt ein fin tale som gjest på
stiftingsmøtet til Attac Noreg 31. mai. Likevel hadde det snike seg inn
ein feil i talen hennar. Kanskje var det den raske Attac-utviklinga i
Norden som gjorde at ho kom i skade for å kunngjera at Attac no fanst i
alle dei nordiske landa? Dessverre, godtfolk, inntil vidare har
"ATTAC-informasjonen" ingenting å bringa av nytt frå Island
og Færøyane. Men dei fire største nordiske landa er med, og kanskje
vil America få rett i ettertid?
Du finn kontaktadresser og lenkjer til nettstadene til alle dei
nordiske Attac-foreiningane på den
norske hovudsida. Opplysningane nedanfor er stort sett henta frå
dei fire nettstadene, som kanskje ikkje er heilt oppdaterte no i
sommarferien.
I Danmark har Attac slått rot lokalt, og via attac.org får du eit
overblikk over den danske
Attac-verksemda. Ei rekkje tematiske eller organisatoriske
arbeidsgrupper er i sving. Ifølgje eit førebels aktivitets-
og debattforum for Attac Danmark blei det på eit landsseminar i
Odense 19. mai oppnemnt eit landskoordineringsutval som skal førebu
skipinga av den landsdekkjande foreininga Attac Danmark. Stiftinga skal
etter planen skje 6.-7. oktober i år.
Attac Finland blei skipa 16. mai i år, og hadde frå starten av
rundt 1000 medlemmer ifølgje oppslag i media. Eit styre på 21 personar
er valt for å samordna og leia verksemda i Attac Finland, og foreininga
har per dato eit trettitals lokale kontaktpersonar i alle delar av
landet. Ei Attac-gruppe med om lag 40 medlemmer frå fire ulike parti er
dessutan oppretta i den finske riksdagen.
Den norske Attac-foreininga har slutta seg til Essokampanjen.
Attac Noreg planlegg dessutan støttemarkeringar
for gjeldslette i Bergen, Oslo og Trondheim laurdag 21. juli i høve
G8-møtet i Genova.
Attac Sverige var i juni ute med si
eiga Attac-bok. Den svenske foreininga held fram med å tilby
medlemmene kurs og anna skulering, og legg på nettsida òg til rette
for synspunkt og tankar om Göteborg-hendingane frå dei nær 5000
medlemmene. Alle Attac-medlemmer som les svensk, vil stadig finna
interessant stoff hjå Attac Sverige.
For tida er den svenske nettstaden utan tvil den mest omfattande og
stoffrike Attac-heimesida i Norden.
_____
Genova ei veke før G8
12/07 Genova - dagboksnotat
Av Laurent Jésover, redaktør av Attacs internasjonale nyheitsbrev på
fransk
Medan dei ulike organisasjonane i Genova Sosiale Forum (GSF) no blir
samde om korleis dei skal fylla gatene på fredeleg vis og avvikla
arrangementa dei ulike dagane, avsluttar dei italienske styresmaktene
veka med nok ein gong å demonstrera si eiga negative eller i beste fall
lite framsynte holdning.
Vi beklagar for det første sterkt at foreldra til kameraten vår
Fiorino Iantorno, representant for Attac Italia i GSF, i dag måtte
oppleva at politiet dukka opp i sekstida om morgonen for å gjennomføra
ei husundersøking. Sjølvsagt kasta dei bort tida. Det var ikkje tale
om ein bombeverkstad på kjøkkenet, ein rakett på toalettet eller løyning
av våpen på guterommet. Med mindre oppbevaring av flygeblad og
telefonnummer skal reknast som brotsverk, så fanst det ikkje eit reelt
grunnlag for denne aksjonen.
For det andre har vi fått vita at ein austerrikar er blitt avvist
ved grensa, ifølgje ei nettpublisert kunngjering:
"I dag 11. juli, ved grensepasseringa Chiasso/Brodega, blei ein
austerriksk aktivist og tre tyskarar stansa i bilen dei reiste i. Namnet
til austerrikaren fanst på ei eller anna mystisk liste over uønskte
personar, og han fekk eit stempel i passet og eit dokument frå det
italienske innanriksdepartementet som forkynte at han var avvist "i
samsvar med føresegnene i artikkel 4 pkt 6 i lov nr. 40/98". Han
fekk ikkje svar då han spurde kva slags liste over uønskte personar
det var tale om. Kjelde/forfattar: C.S.O.A Il Mulino Publisert på
Internett onsdag 11. juli 2001."
Vi må ikkje bli paranoide. Likevel synest det å vera klart at
taktikken til det italienske politiet nettopp er å irritera og
provosera. No er det difor på tide at dei glupe strategane i
politileiinga byrjar ei verkeleg evaluering av konsekvensane av politiet
sine handlingar. Atmosfæren av mistanke og mistillit som no oppstår,
er lite gunstig med tanke på organisering og mottak av fleire titusen
menneske i neste veke. Om det då ikkje er noko meir machiavellisk som
er på gang frå politiet si side. Dei personane som er blinka ut av
politiet, er nemleg ikkje slike som kan forstyrra offentleg ro og orden
ved å utløysa valdelege handlingar. Anten er det verkeleg slik at
politiet er dårleg informert, eller så har dei eit anna mål dei vil
oppnå. Men i det siste tilfellet har dei ikkje forstått kva evne vi
har til å informera, og betydninga av særleg dei alternative media i så
måte er for lengst dokumentert.
I Batisti-gata i Genova blir det forresten i skrivande stund oppretta
eit mediesenter som vil gi høve til å kommunisera med alle dei trykte
media og etermedia som særskilt nyttar seg av Internett som kanal. I
kveld byrjar òg telta i senteret til motkreftene å bli reiste på
parkeringsplassen nedst på den store avenyen som går frå
Brignole-stasjonen til sjøsida. Dette senteret ligg heilt inntil
hovudkvarteret til ordensstyrkane. Det går knapt an å visa ei opnare
holdning overfor styresmaktene, og den fysiske plasseringa markerer
dessutan at vi ganske enkelt vil gjera bruk av rettane våre.
Dersom politiet ikkje kan garantera rettane våre, vil vi tidsnok få
vita det. Inntil vidare held vi fram med å samordna oss. Dei siste
bitane for dagane 20. og 21. juli fall til dømes på plass under eit
langt møte som varte heilt til klokka sju på morgonkvisten.
20. juli startar med ei felles samling og eit felles
demonstrasjonstog som går frå "motkrafts-senteret" til
Brignole-stasjonen. Der, på Verdiplassen, blir det eit felles
arrangement. Deretter deler toget seg mellom samlingspunkta og tiltaka
som er avtala og planlagde på førehand. På sørsida av den raude sona
vil ulike opne plassar (piazzaer) bli fylte opp av organisasjonar eller
nærskylde grupper, inndelte etter typar av demonstrasjonsverksemd.
Attac vil etter planen bli å finna på Danteplassen. Cobas, Tutte
Bianche ["dei kvite draktene"] og Giovani Communisti går til
byrjinga av 20. september-avenyen (Genovas svar på Champs Elysées) for
å "skyva" på grensene til den raude sona. I nordvest vil
ulike grupper gå til sperringane for å dekorera dei etter mønster av
Berlinmuren og organisera "die-ins" framfor inngangane, G8-møtet
sine "Checkpoint Charlie" I vest går eit tog av
fagforeiningsfolk òg fram mot den raude sona. Ein reknar med at 20.000
personar, kanskje fleire, vil ta del i demonstrasjonane 20. juli.
Rørslene som er dei mest "aktive" på gateplan, har
vedteke at det ikkje skal brukast nokon gjenstand som helst under
demonstrasjonane som kan skada menneske, bygningar eller annan eigedom i
byen. I tillegg kan dei vidgjetne Tutte Bianche, normalt kledde i kvite
drakter under demonstrasjonane, komma til å gi avkall på draktene sine
for å ikkje skilja seg ut og for å uttrykka einskap med dei andre rørslene,
vår einskap.
21. juli fører mobiliseringa dagen før vidare, og meir enn 100.000
menneske vil truleg delta. Dagen blir avslutta med felles aksjonar på
staden der ruta endar, i solidaritet med og sjølvsagt i tilknyting til
det som skjedde dagen i førevegen.
Det dreiar seg altså ikkje om å mista hovudet, men tvert om å
halda fram med å organisera seg og samordna aktivitetane. Dei første
aksjonane til politiet har slått an tonen når det gjeld deira
manglande vilje eller evne til å garantera rettane til alle
samfunnsmedlemmene. Våre første handlingar, derimot, viser at vi kan
opptre samla og i fellesskap skapa, om ikkje ei anna verd, så i alle
fall dei framlegga som utan tvil kan føra oss mot målet, og ei evne
til å hevda synspunkta våre.
Laurent Jésover
(Fleire opplysningar om dei ulike dagane og det som skjer i Genova,
her òg foto frå byen, finn du på Genova-sidene
på attac.org.)
_____
Internasjonalt på norsk
Dei fire internasjonale Attac-nyheitsbreva blei nyleg bedne om å
presentera seg for dei nær 30 Attac-foreiningane verda over. Korleis
fungerer dei, kva stoff bringar dei, og kva nytte kan foreiningane dra
av dei? Dette er av allmenn interesse for abonnentane, så her gjengir
eg presentasjonen av den norskspråklege lista:
""ATTAC-informasjonen": ein presentasjon
"ATTAC-informasjonen" er eit elektronisk månadsbrev som
blir publisert med ca. tolv nummer i året på distribusjonslista
attac-informasjonen@attac.org. På grunn av at det går lang tid mellom
kvart månadsbrev, blir distribusjonslista òg nytta til å senda ut
kortare meldingar med aktuelt stoff. Alle meldingane på lista blir
distribuerte beinveges til dei 1207 (per 2. juli 2001) abonnentane.
Talet på abonnentar aukar jamt og trutt.
Merk at jamvel om "ATTAC-informasjonen" er eit månadsbrev
på norsk, så er det ikkje eit organ for Attac Noreg eller ei anna
Attac-foreining. Føremålet med "ATTAC-informasjonen" er å
skapa interesse for alle sider ved den internasjonale Attac-plattforma
ved å retta søkjelyset på aktuelle saker som har eit samband til
innhaldet i plattforma, og på Attacs arbeidsmåtar og konkrete
engasjement. Forhold utan ei klar tilknyting til den internasjonale
Attac-plattforma vil ikkje bli omtala i "ATTAC-informasjonen".
Den friviljuge redaktøren av "ATTAC-informasjonen"
utarbeider månadsbreva og dei andre meldingane, i hovudsak på grunnlag
av stoff frå Attac internasjonalt og frå Attacs partnarorganisasjonar,
men òg etter tips frå abonnentane og dei nordiske Attac-foreiningane.
Redigeringa av "ATTAC-informasjonen" skal ta rimeleg omsyn til
målgruppa, som i hovudsak er norske, men òg svenske og danske
Attac-interesserte. Tilgjengeleg og aktuelt stoff frå dei nordiske
Attac-foreiningane har difor vore eit fast innslag på
distribusjonslista, særleg frå januar 2001.
Redigeringa av "ATTAC-informasjonen" er fullt ut overlaten
til den friviljuge redaktøren, men følgjer Attacs internasjonale
redaktørplakat. Prinsippa i denne er svært enkle: Redaktøren skal
formidla Attac-tekstar og referera Attacs handlingar, offisielle
synspunkt og vurderingar, men skal ikkje opptre på vegner av ei eller
fleire Attac-foreiningar. Redaktøren skal heller ikkje komma med
oppfatningar om kva Attac internasjonalt eller ei bestemd
Attac-foreining bør eller ikkje bør gjera eller meina.
Jamvel om "ATTAC-informasjonen" ikkje er ein offisiell
informasjonskanal for den eine eller andre Attac-foreininga, så er
lista eit direkte bidrag til Attacs internasjonale og offensive
opplysningsverksemd. Månadsbrevet og dei andre meldingane inneheld
mange typar stoff: erklæringar og pressemeldingar, artiklar og analysar
(eller samandrag av slike) og referat frå møte og demonstrasjonar. Det
kan dessutan bli sendt ut førehandsmelding om møte, konferansar og
liknande som kan gi eit bidrag til opplysningsverksemda i Attac-rørsla.
"ATTAC-informasjonen" blir redigert uavhengig av dei tre
andre internasjonale Attac-nyheitsbreva (på fransk, engelsk og spansk),
sjølv om det finst ein del overlapping i stofftilfanget. Månadsbrevet
på norsk nyttar i stor grad det franskspråklege nyheitsbrevet som
kjelde. Dette blir gjort fordi mange i målgruppa les engelsk og gjerne
abonnerer på det engelskspråklege nyheitsbrevet i tillegg, medan det
er færre som les fransk og spansk.
Alle med Internett-tilgang kan enkelt melda seg på og av
"ATTAC-informasjonen" på http://attac.org/indexno.htm eller
http://attac.org/journalno.htm.
Tips til "ATTAC-informasjonen" er velkomne, anten dei kjem
frå tillitsvalde i ei Attac-foreining eller frå vanlege medlemmer og
sympatisørar. Oppgi all kontaktinformasjon, kjelder og anna, og send ei
melding til informasjonen@attac.org. Alle tips blir vurderte på
grunnlag av mellom anna Attacs internasjonale redaktørplakat og vanlege
kjeldekritiske prinsipp."
_____
Fagrørsla vil ha valutaavgift
Internasjonalt er mange av fagrørsla sine organ positive til tanken
om å innføra ei avgift på valutatransaksjonar. Til dømes støttar både
Frie Faglege Internasjonale (FFI) og Den europeiske faglege
samorganisasjonen (EFS) innføringa av ei Tobin-avgift. I april kom
dette til uttrykk for FFIs del i ei erklæring i høve Washington-møtet
til Pengefondet og Verdsbanken. Temaet for erklæringa var kampen mot
dei aukande forskjellane globalt og dei nye trugsmåla som manglande
stabilitet i finansmarknadene representerer.
EFS på si side har gått ut saman med dei to største faglege
hovudsamanslutningane i Belgia i ei oppmoding til den belgiske
regjeringa om å gjennomføra ein seriøs studie av Tobin-avgifta i
andre halvår 2001, når Belgia har formannskapen i EU (meir om dette
nedanfor).
Som mange av abonnentane kanskje hugsar, fortalde "ATTAC-informasjonen"
januar 2001 om støtte til ei valutaavgift frå hovudsamanslutningar
i andre land, nærare bestemt den amerikanske AFL-CIO og den tyske DGB,
som 30. januar 2001 sende ut ei felles pressemelding om dette spørsmålet.
_____
Valutaavgift i EU?
Belgia overtok formannskapen i Den europeiske unionen 1. juli. Månaden
før annonserte den politiske leiinga i landet at Tobin-avgifta var sett
på dagsordenen for det kommande ministerrådsmøtet for EUs økonomi-
og finansministrar. Det aktuelle Ecofin-møtet skal haldast i Liège i
Belgia 22. og 23. september.
Dei siste åra har regjeringane i formannskapsland som Finland og
Sverige (og til dels Frankrike) uttala seg nøytralt eller positivt om
ei avgift på valutatransaksjonar, men avgifta er likevel aldri blitt
sett på EUs politiske dagsorden. Den belgiske avgjerda er såleis eit
viktig steg for å komma vidare i diskusjonane omkring ei
"Tobin-sone" i EU.
Under økonom-høyringa som Attac, War on Want og Solidair skipa til
i Europaparlamentet 27. juni i år, blei den belgiske avgjerda sjølvsagt
helsa velkommen. Til dømes av jusprofessor Lieven Denys ved
VUB-universitetet i Brussel, som avviste argumenta frå EU-kommisjonen
om at ei valutaavgift er "uforeinleg" med EU-traktatane. Denys
viste at ei slik avgift kan innførast i perfekt samsvar med artikkel 93
i traktaten om dei europeiske fellesskapane. Frå den politiske leiren
framheva EU-parlamentsmedlem Glyn Ford at "det ikkje lenger finst
intellektuelle eller tekniske argument mot ei innføring av ei avgift
som gjer det mogleg å avgrensa valutaspekulasjonen, ein spekulasjon som
øydelegg vilkåra for næringsverksemder og jamvel heile land".
Attac og dei andre organisasjonane som arbeider for ei valutaavgift,
tek sikte på å samla mange tusen støttespelarar under Ecofin-møtet i
Liège i september. EUs finansministrar skal altså ikkje få høve til
å gløyma kva folkelege kjelder tanken om ei Tobin-avgift har sprunge
frå.
Det er ikkje berre i Europa at Tobin-avgifta er eit innslag i dei
politiske diskusjonane (mellom anna i Storbritannia, der 131
parlamentarikarar frå alle partia i Underhuset har støtta tanken). Også
i Tyrkia og Argentina er valutaavgifta som finanspolitisk verkemiddel
nyleg blitt aktualisert etter alvorlege finanskriser.
_____
Forslag mot finansdiktaturet
Dei sterke reaksjonane på dei omfattande børsverdi-inspirerte
oppseiingane i det Frankrike-baserte næringsmiddelkonsernet Danone er
omtala i tidlegare nummer av "ATTAC-informasjonen". Som ved
mange andre boikott-oppmodingar har oppslutninga frå vanlege
forbrukarar vore heller beskjeden, men medieomtalen og dei politiske
ringverknadene på fransk riksplan var tidleg merkbare. Meiningsmålingar
i landet viste at vanlege folk tok avstand frå Danones framferd, og
saka kom snart på dagsordenen til den franske regjeringa.
Attac Frankrike nøydde seg ikkje med å slutta seg til oppmodinga frå
dei Danone-tilsette om boikott etter at det økonomisk solide konsernet
i april kunngjorde at dei ville kvitta seg med 1800 arbeidstakarar.
Foreininga utarbeidde konkrete framlegg til korleis slike
profittorienterte oppseiingar kan motverkast. Dokumentet, som blei lagt
fram for den franske nasjonalforsamlinga 3. mai på eit møte mellom
Attac, ei rekkje fagforeiningar og ei gruppe parlamentarikarar, finst
komplett i ulike språkversjonar: fransk,
tysk, spansk
og italiensk.
Nedanfor finn du ein grovhogd kortversjon på norsk med eit utval av
dei konkrete framlegga til Attac Frankrike. Fleire av dei kan truleg
nyttast, med nødvendige tilpassingar, av Attac-foreiningar i andre land
når liknande situasjonar oppstår der.
a) Ei innskjerping av arbeidsmiljølova (altså den franske,
"Code du travail") er nødvendig, slik at berre økonomiske
vanskar eller teknologiske endringar kan godtakast som oppseiingsgrunn.
Uttrykket "økonomiske vanskar" må definerast, og arbeidsmiljølova
må få ei føresegn som slår fast at lovstridige oppseiingsvedtak
automatisk er ugyldige.
b) Plikta til å tilby omstillingstiltak ved oppseiingar av fleire
tilsette må utvidast. Kravet om bedrifts- eller konsernintern
omplassering og opplæring til nye oppgåver i verksemda må styrkjast,
det same må stillingsvernet til den enkelte arbeidstakaren. I utrygge
jobbsituasjonar må arbeidstakaren ha utvida tilgang til å fremja saka
si for arbeidsretten. Det må stimulerast til arbeidsdeling. Dei
tilsette må dessutan få offentleg støtte til å overta bedriftene
sine om dei ønskjer det.
c) Ulike verkemiddel må nyttast for å gjera oppseiingar dyrare for
bedriftene. Mellom anna må all offentleg støtte til økonomisk solide
bedrifter falla bort dersom dei går til oppseiingar av tilsette.
Utbetalt støtte må krevjast tilbakebetalt.
d) Arbeidstakarane må få nye rettar gjennom lovverket. Mellom anna
skal ei oppseiing ikkje kunna iverksetjast før arbeidstakaren har fått
tilstrekkeleg tid til å prøva gyldigheita av vedtaket for domstolane.
Dei tilsette må gjennom bedriftsrådet ("comité
d'entreprise" -- dei tilsette sitt tilsyns- og medbestemmingsorgan)
få større innverknad. Bedriftsrådet må dessutan utvidast slik at
arbeidstakarar hjå underleverandørar og andre verksemder som indirekte
er avhengige av ei anna verksemd, blir representerte i bedriftsrådet
til denne verksemda. Dessutan må alle arbeidstakarar få ein utvida
rett til kunnskap om dei økonomiske og finansielle forholda i verksemda
dei arbeider i.
e) Arbeidskontraktane må endrast, mellom anna for å gi ei betre
avspegling av retten til ei stabil løn og til kontinuerleg opplæring,
òg for arbeidstakarar som er mellombels ute av arbeidslivet.
_____
WTO-nytt
WTO-ministerkonferansen i Doha i Qatar nærmar seg. Mange medlemmer i
dei nordiske Attac-foreiningane kan i månadene framover ha god nytte av
WTO-ressurssida
til det norske Rorg-samarbeidet: "På disse nettsidene forsøker
vi å gi kortfattet og lettfattelig informasjon om WTO og ulike sider
ved organisasjonens virksomhet, samt samle lenker til ytterlige
informasjon for de som vil vite mer."
Kortnytt:
Medlemslanda i WTO er i det store og heile samde om dagsordenen for
Qatar-møtet. Likevel er det mange stader liten entusiasme for
ministerkonferansen i november, ikkje minst i dei av utviklingslanda som
framleis er sterkt misnøgde med korleis resultata av Uruguayrunden (som
leidde til opprettinga av WTO i 1995) har slått ut for deira del. På
den andre sida står særleg USA, EU og Japan, som pressar på for ein
ny forhandlingsrunde i WTO.
*
Emiratet Qatar slepper ikkje kven som helst inn før og under
ministerkonferansen. Dei 4400 visuma blir utferda berre til personar som
er akkrediterte for konferansen. Trass i dette (eller nett av den grunn)
har emiratet høgtideleg erklært at "Qatar tillèt organiseringa
av fredelege demonstrasjonar under konferansen". Så veit vi det.
*
WTO-sekretariatet legg opp til fleire møte mellom sekretariatet,
friviljuge organisasjonar og eventuelt representantar for medlemslanda.
Friviljuge organisasjonar som har offentleggjort studiar og rapportar om
WTO og handelsspørsmål, blir inviterte til uformelle diskusjonar. Ein
representant for WTO-sekretariatet forklarte at "vi vil at
organisasjonane skal forstå dei indre mekanismane og teknikkane ved
aktivitetane våre", og la til at "Qatar ikkje kan bli ein
Seattle-reprise". Sekretariatet ser for seg at det i Doha blir
halde daglege møte med "inviterte" friviljuge organisasjonar
for å gjera det mogleg for dei å følgja utviklinga av konferansen.
Det har likevel ikkje vore semje blant medlemslanda om innsynet
utanverda skal få i forhandlingane eller om samarbeidet med det sivile
samfunnet.
*
Skal investeringar inn i ein ny WTO-runde? EU har ivra for at
investeringar skal på bordet i dei nye WTO-forhandlingane, og er støtta
i dette synet av Sør-Korea, Chile, Sveits og Noreg. Imot dette synet står
India og andre utviklingsland, til dømes Malaysia, Pakistan og Egypt.
Dei meiner alle at dei eksisterande bilaterale avtalane er
tilstrekkelege, og at WTO-regelverket ikkje må gi landa nye plikter på
investeringsområdet.
_____
Redaksjonen avslutta 19. juli 2001.
"ATTAC-informasjonen" er eit månadsbrev som blir sendt ut
på distribusjonslista med same namn. Det internasjonale
Attac-nettverket har fire
informasjonslister (på fransk, engelsk, spansk og norsk). Den
norskspråklege lista var 3.7.2001 registrert med 1207 abonnentar (dvs.
abonnementsadresser).
Vidar Rekve, informasjonen@attac.org
Det dreiar seg ganske enkelt om at vi i fellesskap krev tilbake
makta over framtida til verda vår.
|